FHF-rundskriv 8/2025: Høyring – nye retningsliner for seniorlaget

FHF-rundskriv 8/2025: Høyring – nye retningsliner for seniorlaget

Vedlagt følgjer forslag til nye retningsliner for Seniorlaget i Folkehøgskoleforbundet (FHF). Etter § 7.1 i vedtektene for FHF utgjer pensjonistar eit eige lokallag.

FHF har som ei av sine prioriterte oppgåver å ta vare på seniorane sine ressursar i idé- og utviklingsarbeidet. Etter initiativ har styret i FHF laget forslag til nye retningsliner for Seniorlaget. I tillegg til å vere eit forum for pensjonerte folkehøgskulefolk, er det eit ynskje om å fange opp medlemmer som er i siste fase av si karriere. Dette både for å bidra til at ein kan stå lenger i jobb og for å dra vekslar på den erfaring og kunnskap som den einskilde har. Det blir derfor foreslått at ein kan bli medlem i seniorlaget frå det året ein fyller 57 år, i tråd med aldersgrensene § 6.2 i Særavtalen; «Seniortiltak»

Det er eit klart ynskje å skape eit seniorlag som bidrar til å ta vare på folkehøgskulerørsla, historia, tradisjonane og kjernen i arbeidet. Seniorlaget skal vere ein arena der dette engasjementet kan dyrkast og delast, og der ein kan bidra utad på vegne av folkehøgskulen, og innad kome med innspel til styret, politikken og idéarbeidet. I tillegg er Seniorlaget ein sosial møteplass.

Forslag til nye retningsliner for Seniorlaget blir lagt fram for landsmøtet på Karmøy folkehøgskule 26. – 28. mai 2025.

Kom gjerne med tilbakemeldingar på forslaget til nye retningslinjer innan 7. april 2025.

Send dine innspel til: einar@folkehogskole.no

Med beste helsing

Einar Opsvik                 Angelina K. Christiansen

leiar                                generalsekretær

Retningsliner for Seniorlaget — «Muldets frender»

1. Medlemsskap

Folkehøgskolens Seniorlag «Muldets Frender» er eit landsdekkande lokallag for pensjonistmedlemer i Folkehøgskoleforbundet (FHF). I tillegg blir medlemer i FHF invitert som medlemer i seniorlaget frå det kalenderåret ein fyller 57 år.

2. Økonomi

Kontingenten blir bestemt av landsmøtet i FHF. Vanlege medlemer i FHF betaler ikkje avgift i tillegg til sitt ordinære medlemsskap. For pensjonistmedlemer er avgifta pr. 2025 kr. 500 pr. år.
Seniorlaget kan søke aktivitetsstøtte hos FHF sentralt til aktuelle prosjekt.

3. Møter i Seniorlaget

Innkalling til møter i seniorlaget bør vere skriftleg og skal sendast ut i rimeleg tid. Sakliste skal følgje innkallinga og skal minst innehalde:

• Godkjenning av dagsorden
•Godkjenning av protokoll frå siste møte
•Orientering om arbeidet i FHF sentralt
•Tilmeldte saker

Det skal førast referat/protokoll frå møta. Innkallingar og protokoll skal sendast FHF sekretariatet for lagring på dataserver sentralt.
Leiar og generalsekretær i FHF inviterast normalt til møta i Seniorlaget og elles til møte i seniorlagsstyret etter behov.

4. Landsmøtet i FHF

Lokallaget vel delegat til landsmøtet i FHF, jmfr. § 8.2 i vedtektene for FHF. Delegaten har krav på full dekning av reise- og opphaldsutgifter etter rimelegaste alternativ.
Andre medlemmer i FHF kan møte på landsmøtet for eiga rekning, med tale- og forslagsrett.

5. Møtefrekvens

Møte i Seniorlaget skal haldast minst to gongar årleg. Det er i tillegg eit mål å arrangere eit årleg møte/samling på ulike skular utanom skuleåret.

6. Viktige saker for Seniorlaget
Seniorlaget har som målsetting å ta vare på seniorane sine ressursar, erfaringar og kunnskapar. Laget skal bidra til å ta vare på folkehøgskolen som ein samfunnsinstitusjon og eit fritt skuleslag, og eller medverke og inspirere til at til folkehøgskulerørsla blir halde levande, i tråd med Idé- og prinsipprogrammet for FHF. Tema for konkrete saker for Muldets Frender kan vere:

•Seniorpolitikk
•Skulepolitiske saker
•Idémessige spørsmål
•Pedagogiske spørsmål
•Folkehøgskulen si historie
•Bidrag til magasinet «Folkehøgskolen»

7. Årsmøte

Årsmøte skal haldast annakvart år, same år som det blir halde landsmøtet i FHF. Årsmøtet skal haldast innan 1. juli.
Saker som skal behandlast på årsmøtet:

•Årsmelding
•Rekneskap
•Val av leiar
•Val av nestleiar og sekretær
•Tilmeldte saker

Funksjonstida for styret er normalt to år.

Leiar i seniorlaget er tillitsvald etter Hovudavtalen i Virke og KS.

Årsmøte kan foreslå endringar i retningslinjene for Muldets Frender overfor styret i FHF.

 

Kalender