FHF-rundskriv 15/2024: Invitasjon til høyring om forslag til endringar i folkehøgskulelova og forskrift til folkehøgskulelova
FHF-rundskriv 15/2024: Invitasjon til høyring om forslag til endringar i folkehøgskulelova og forskrift til
folkehøgskulelova.
Kunnskapsdepartementet har i juni 2024 sendt ut til høyringsforslag til endringar i Folkehøgskulelova og
forskrift til folkehøgskulelova. Høyringsfristen er 20. oktober. Endringsforslaga i høyringsnotatet, er i stor
grad ei oppfølging av Folkehøgskoleutvalget sine tilrådingar slik det er framstilt i NOU 2002: 16 «En
folkehøgskole for alle – Vilkår for økt kvalitet og mangfold i folkehøgskolene.» (NOU-rapporten finn du
her: https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/nou-2022-16/id2940852/)
Medlemer og lokallag i Folkehøgskoleforbundet blir med dette invitert til å bidra til forbundet si høyring.
Styret i Folkehøgskoleforbundet arbeider for å lage ein høyringsuttale og det er av største interesse i
denne prosessen å ta med innspel frå lokallaga, tillitsvalde og medlemmene i FHF. Vi oppmodar alle om å
sette seg inn i, drøfte dei ulike endringsforslaga og melde tilbake til FHF.
Høyringsnotatet er tilgjengeleg på departementet sine heimesider:
https://www.regjeringen.no/contentassets/c4bdc3d13b904f8b9bd8ce663cab1979/horingsnotat-endringer-i-folkehoyskoleloven-og-forskrift-til-folkehoyskoleloven.pdf
Lokallaga må gjerne kommentere alle punkt i høyringsnotatet, men sentralt ønsker vi særleg
tilbakemelding på følgande tema i høyringsdokumentet og lovforslaget:
• Forslag til endringar i formålsparagrafen. Denne er overordna, og formuleringar og
begrepsbruk som er foreslått her, gir føringar for korleis resten av lova blir forstått og utforma.
(kap. 3)
• Godkjenning av nye skular (kap. 4)
• Samarbeid med vidaregåande skule (kap. 6.2)
• Kurs i folkehøgskulen og krav om kursplan (kap. 6.3)
• Studiereiser (kap. 6.4)
• Internat (kap. 6.5)
• Elevombod (kap. 9)
• Styrets ansvar, internkontroll, kvalitetssikring og kvalitetsutvikling (kap. 10)
• Elevbetaling (kap. 13)
Diskuter gjerne desse og andre punkt i lokallaget og skriv tilbakemelding på dei ulike endringsforslaga.
Ein kan kommentere både det ein er einige i, og det som ein meiner ikkje vil fungere. Det er også alltid
konstruktivt å kome med andre forslag til løysingar på dei forslaga som departementet presenterer.
FHF samarbeider med dei andre organisasjonane sentralt og siktar mot å lage eit felles dokument som
blir sendt til departementet i regi av Folkehøgskolerådet. Dersom det ikkje blir semje internt i denne
prosessen sender FHF eit eige høyringssvar innan fristen.
Vi arrangerer også eit webinar for medlemmer og lokallag, der vi opnar for spørsmål og samtale om
NOU-rapporten.
Webinaret blir arrangert torsdag 12.09.24 kl. 14.00. Det blir sendt ut eiga innkalling med teams-lenke
dette møtet.
Frist for tilbakemelding til Folkehøgskoleforbundet er torsdag 05.09.24.
Tilbakemelding til Folkehøgskoleforbundet kan sendast til: angelina@folkehogskole.no
Med beste helsing
Einar Opsvik Angelina K. Christiansen
leiar generalsekretær