FHF-rundskriv 5/2023: Invitasjon til høyring, NOU 2022: 16, En folkehøgskole for alle

Invitasjon til høyring, NOU 2022: 16, En folkehøgskole for alle

Medlemmer og lokallag i Folkehøgskoleforbundet blir med dette invitert til å bidra til forbundet si høyring om NOU 2022: 16, «En folkehøgskole for alle, – vilkår for økt kvalitet og mangfold i folkehøgskolene.»

Kunnskapsminister Tonje Brenna fekk overlevert NOUen 31. oktober 2022. I departementet sitt vidare arbeid vil innspel frå skulane, tilsette og organisasjonane i folkehøgskulen vege tungt.

Kunnskapsministeren har tydeleg uttalt at det vil kome forslag til endringar i lova. Dette vil bety svært mykje for folkehøgskulen sitt arbeid i mange år framover.

Rapporten er no sendt ut på høyring med høyringsfrist 30. april 2023. Folkehøgskoleforbundet vil utarbeid ein høyringsuttale. Det er derfor av største interesse å samle innspel, meiningar, motførestillingar og gode forslag frå medlemmer og lokallag. Vi oppmodar alle medlemmer og lokallag om å sette seg inn i rapporten, drøfte dei ulike endringsforslaga og melde tilbake til FHF.

NOU-nemnda har utarbeidd 73 forslag til endringar for folkehøgskulane. Ein oversikt er presentert i kapittel 2. Forklaringar og bakgrunn for forslaga er utdjupa i kapittel 9 – 13 i rapporten. Frå FHF si side er det spesielt interessant å få tilbakemeldingar på følgande forslag og tema:

  • Nr. 1 – «Utvalget foreslår å utvide formålsparagrafen for folkehøgskolene».
  • Nr. 7 – «Utvalget foreslår at folkehøgskolenens reisevirksomhet begrenses betydelig».
  • Nr. 12 – «Utvalget foreslår at tilsynsvakt ved internatet må gjennomføres av pedagogisk personale»
  • Nr. 15 – Om elevstipendiatordninga.
  • Nr. 31 – Om «kursplan» for alle kurs i folkehøgskulen og samanheng med formålsparagrafen.
  • Nr. 34 – Krav om at 80 % av skulen sine lærarar skal ha pedagogisk kompetanse.
  • Generelt om nye forslag knytt til kontroll og transparens.
  • Mangfold er eit gjennomgåande tema i rapporten og blir omtalt i samband med fleire av forslaga. Det blir fokusert på informasjon, representasjon, funksjonsnedsettelser, inntaks­kriterier og pris for å sikre eit større mangfald. I tillegg blir mangfald i personalgruppa problematisert. Sjå m.a. punkt 1, 3, 4, 6, 35 og 64.

Diskuter gjerne desse og andre punkt, i lokallagsgruppa og skriv tilbakemelding på dei ulike endrings­forslaga. Ein kan kommentere både det ein er einige i, og det som ein meiner ikkje vil fungere. Det er også alltid konstruktivt å kome med andre forslag til løysingar på dei utfordringane som utvalet har tatt utgangspunkt i.

Folkehøgskoleforbundet sitt forslag til høyringsuttale vil omhandle alle dei 73 punkta, og blir sendt ut til alle medlemmer og lokallag til uttale, før det blir sendt til departementet 30. april.

Vi arrangerer også eit webinar for medlemmer og lokallag, der vi opnar for spørsmål og samtale om NOU-rapporten.

Webinaret blir arrangert tysdag 14. februar kl. 14.30 – 16.00

Frist for tilbakemelding til Folkehøgskoleforbundet er fredag 31. mars 2023.

Tilbakemelding til Folkehøgskoleforbundet kan sendast til: angelina@folkehogskole.no

 

Med beste helsing

Einar Opsvik                                                                  Angelina K. Christiansen
leiar                                                                                  generalsekretær

Kalender