FHF-rundskriv 9/2022: Gi innspel til NOU-utvalet
Noregs offentlege utgreiingar (NOU) er ein grundig utredning av eit saksområde skrevet av et utval nedsett av regjeringa eller et departement. Regjeringa ynskje seg meir kunnskap om folkehøgskulen si rolle i utdanningssystemet, og har derfor nedsett eit utval som skal drøfte ulike tema knytt til innhald og drift.
Utvalet som arbeider med ny NOU for folkehøgskolen, Folkehøgskoleutvalet, skal levere si utredning i oktober 2022. Det blir m.a. jobba med folkehøgskulen sitt samfunnsoppdrag, kvalitet i folkehøgskulen, kontrollordningar, og økonomiske og juridiske rammer for folkehøgskuledrift.
Mandatet for utvalet finn du her
Utvalet ønsker fleire innspel frå publikum og frå folkehøgskulelandskapet. Det er derfor oppretta ei eiga webside til dette formålet. På tampen av året ynskjer vi å utfordre skular og spesielt elevråd til å komme med innspel og gode forslag til NOU-utvalet.
Del gjerne denne utfordringa til resten av personalet og til elevrådet.
Her er folkehøgskoleutvalets innspelside
Med beste helsing
Einar Opsvik Angelina K. Christiansen
leiar generalsekretær