FHF rundskriv 30-2014 Utlysing av midlar frå Solidaritetsfondet

Vedlagt følgjer utlysing av midlar til Solidaritetsfondet - til orientering og kunngjering, evt. ved oppslag.

 

 

Ver snill å kopiere til:

–          tillitsvalte i FHF

–          rektor

 

Vår ref.: 78/14/ A6.04.9
Oslo, 12.11.2014
 

 

FHF-rundskriv 30/2014

 


Utlysing av midlar frå Solidaritetsfondet til Folkehøgskoleforbundet

 

Vedlagt følgjer utlysing av midlar til Solidaritetsfondet – til orientering og kunngjering, evt. ved oppslag.

 

Det vil i år bli delt ut kr 90.000 frå fondet.

 

Søknadsfrist 1. desember 2014.

 

 

Med beste hilsen

Øyvind Brandt                     Knut Simble
leder                                   generalsekretær

 

 

 

Solidaritetsfondet til Folkehøgskoleforbundet – utlysing av midlar.

 

Det blir med dette lyst ut midlar frå solidaritetsfondet til FHF.  Det vil denne gangen bli utbetalt totalt kr 90.000,-

 

Vedtekter for Solidaritetsfondet:

1.            Solidaritetsfondet til Folkehøgskoleforbundet er bygd opp 
               av midlar frå eit ekstra påslag på medlemskontingenten
               med 0,05% etter eit landsmøtevedtak i 1999

2.            Midlane frå fondet skal nyttast til å støtte internasjonale
               solidaritetstiltak.

3.            Prosjekt der folkehøgskolar er, eller vil bli direkte

               engasjert, skal prioriterast. Ved vurderinga bør det også
               leggjast vekt på om prosjektet omfattar engasjement frå

               fleire skolar.

4.            Styret i FHF er styre for fondet.

5.            Søknad om midlar skal innehalde

            –  Presentasjon av prosjektet  

            –  Opplysningar om korleis midlane er tenkte brukt

            –  Opplysning om kven som er ansvarleg for at midlane blir
               nytta etter føresetnadene

6.            Etter at midlane er nytta skal rapport og dokumentasjon

               om bruken sendast Folkehøgskoleforbundet

7.            Landsmøtet i FHF kan endre desse vedtektene.

 

 

Søknadsfrist: 1. desember  2014

Kalender