NF-rundskriv 21-2012: Solidaritetsfondet – utlysning
Ver snill å kopiere til:
tillitsvalte i NF
rektor
15.11.121
Vår ref.: 62/12/ A6.04.9
NF-rundskriv 21/ 2012
Utlysing av midlar frå Solidaritetsfondet til NF
Vedlagt følgjer utlysing av midlar til Solidaritetsfondet – til orientering og kunngjering, evt. ved oppslag.
Det vil i år bli delt ut kr 100.000 frå fondet.
Søknadsfrist 1. desember 2012.
Med helsing
for NORSK FOLKEHØGSKOLELAG
Øyvind Brandt /s/ Knut Simble /s/
leiar dagleg leiar
—-
Solidaritetsfondet til Norsk Folkehøgskolelag – utlysing av midlar.
Det blir med dette lyst ut midlar frå solidaritetsfondet til NF. Det vil denne gangen bli utbetalt totalt kr
100.000,-
Vedtekter for Solidaritetsfondet:
-
Solidaritetsfondet til Norsk Folkehøgskolelag er bygd opp av midlar frå eit ekstra påslag på medlemskontingenten med 0,05% etter eit landsmøtevedtak i 1999
-
Midlane frå fondet skal nyttast til å støtte internasjonale solidaritetstiltak.
-
Prosjekt der folkehøgskolar er, eller vil bli direkte engasjert, skal prioriterast. Ved vurderinga bør det også leggjast vekt på om prosjektet omfattar engasjement frå fleire skolar.
-
Styret i NF er styre for fondet.
-
Søknad om midlar skal innehalde
Presentasjon av prosjektet
Opplysningar om korleis midlane er tenkte brukt
Opplysning om kven som er ansvarleg for at midlane blir nytta etter føresetnadene -
Etter at midlane er nytta skal rapport og dokumentasjon om bruken sendast Norsk Folkehøgskolelag
-
Landsmøtet i NF kan endre desse vedtektene.
Søknadsfrist: 1. desember 2012
—