NF rundskriv 1 – 2009 Innkalling til Landsmøte 2009
Møtet blir halde på Jæren Folkehøgskule på Klepp. Ein faldar frå skolen med opplysningar om møtet og påmelding blir sendt ut om ikkje lenge.
Vi oppmoder lokal-, distriktslag, nemnder og utval til å melde saker til møtet før 30. januar.
Styret har førebels sett opp desse sakene:
– Idégrunnlag og handlingsprogram 2009-2012
– Akademifondet
– Aktuelle saker frå IF
Sakliste og sakspapir blir sendt ut i februar.
Alle medlemmer i NF har rett til å møte med fulle rettar på landsmøtet, men det blir gitt reisedekking til to representantar frå lokallag med meir enn fem medlemmer, til ein representant dersom lokallaget har færre medlemmer. I tillegg blir reisedekking gitt til distriktsleiarar, medlemmer og varamedlemmer til styret og medlemmer av nemnder, råd og utval.
Vikarutgifter for desse vil også bli dekt av Folkehøgskolerådet
Med helsing
Lars Sigve Meling /s/ Knut Simble /s/
leiar dagleg leiar