NF – rundskriv nr. 10 – 2007 Interessert i å arrangere junimøtet 2008?

Som kjent har NF gått over til 2-årige landsmøteperiodar. Føresetnaden for dette var at det skal arrangerast ei folkehøgskolesamling på forsommaren dei mellomliggande åra. De to første møta vart arrangert av Lofoten folkehøgskole og av Nansenskolen.

 

Vi søker nå etter arrangør for junimøtet 2008.  Innhaldet er ikkje fastsett, men det er tenkt at det m.a. skal dreie seg om ulike sider ved folkehøgskolen, praksis og idé og slik fungere som eit etterutdanningskurs for tilsette.  Også sosiale og kulturelle innslag skal ha rom. 

 

Tidspunkt:  tysdag 03. juni – torsdag 5. juni  med frammøte til lunch tysdag og avreise på torsdag etter lunch.

 

Konferansen er tenkt utlyst open slik at han kan gå som kortkurs (3 dagar).   Arrangørskolen skal derfor ha det praktiske og pedagogiske ansvaret innanfor rammene av forskrifter for folkehøgskolen 

 

Dersom skolen er interessert i å stå som arrangør, vil vi be om å få melding om dette innan 10. september 2007.  Vi vil også gjerne ha ei kort idéskisse frå skolen om muleg opplegg. 

 

Styret i NF vil peike ut arrangørskole på møte 11.- 12. september. Rett etter dette tidspunktet vil ei felles programnemnd med representantar frå skolen og NF møtast for å planleggje vidare.

 

 

 

Med helsing

for NORSK FOLKEHØGSKOLELAG

 

 

Lars Sigve Meling                                                                              Knut Simble

leiar                                                                                                   dagleg leiar

Kalender