NF-rundskriv 3 – 2005 Forsikringsbrosjyre + HSH brosjyre
Publisert
| Oppdatert
Som kjent er medlemmene i NF omfatta av medlemstilboda til Utdanningsforbundet. Vedlagt følgjer ein oppdatert forsikringsbrosjyre til kvar medlem. Vi ber lokallagsleiaren sørgje for at dei vert delte ut.
Det skal også vera eit par brosjyrar ekstra.
Kontakt sekretariatet dersom du treng fleire brosjyrar.
Til HSH-skolane
Til tillitsvalte på skolar som er medlem av HSH kjem også eit eksemplar av ”Landsoverenskomsten for høyskoler og undervisning”. Han er, som de vil sjå, bygd på Hovudtariffavtalen i staten, og gjeld bare for IKV-personalet.
Med helsing
for NORSK FOLKEHØGSKOLELAG
Dag Wollebæk
dagleg leiar