NF-rundskriv 26 – 2005 Utlysing av midlar frå Solidaritetsfondet til NF

Vedlagt følgjer utlysing av midlar til Solidaritetsfondet - til orientering og kunngjering, evt. ved oppslag. Det vil i år bli delt ut kr 100.000 frå fondet. Søknadsfrist 1. desember 2005.  Med helsing for NORSK FOLKEHØGSKOLELAG   Lars Sigve Meling /s/               Knut Simble /s/ leiar                                         dagleg leiar

Solidaritetsfondet til Norsk Folkehøgskolelag – utlysing av midlar.

 

Det blir med dette lyst ut midlar frå solidaritetsfondet til NF. Det vil denne gangen bli utbetalt totalt kr 100.000,-

 

Vedtekter for Solidaritetsfondet:

 

  1. 1. Solidaritetsfondet til Norsk Folkehøgskolelag er bygd opp av midlar frå eit ekstra påslag på medlemskontingenten med 0,05% etter eit landsmøtevedtak i 1999
  2.  

  3. 2. Midlane frå fondet skal nyttast til å støtte internasjonale solidaritetstiltak.
  4.  

  5. 3. Prosjekt der folkehøgskolar er, eller vil bli direkte engasjert, skal prioriterast. Ved vurderinga bør det også leggjast vekt på om prosjektet omfattar engasjement frå fleire skolar.
  6.  

  7. 4. Styret i NF er styre for fondet.
  8.  

  9. 5. Søknad om midlar skal innehalde
  10.  

– Presentasjon av prosjektet

– Opplysningar om korleis midlane er tenkte brukt

– Opplysning om kven som er ansvarleg for at midlane blir nytta etter føresetnadene

  1. 6. Etter at midlane er nytta skal rapport og dokumentasjon om bruken sendast Norsk Folkehøgskolelag
  2.  

  3. 7. Landsmøtet i NF kan endre desse vedtektene.

 

 

     

Søknadsfrist: 1. desember 2005

Kalender