NF-rundskriv 22 – 2005 Feilfri Songbok
Publisert
| Oppdatert
Songboka er snart utselt - hjelp oss å gjera neste opplag fritt for feil! Det er nå bare 150 eksemplar att av første opplag av den nye songboka vår. Cappelen vil straks i gang med å trykke eit nytt.
Songboknemnda er opptatt av at neste opplag blir så fritt for trykkfeil som råd og ber derfor om følgjande:
Dersom de veit om trykkfeil i tekst og notar i Norsk songbok, send ein e-post til songboknemnda v/Jan Egil Berg:
med opplysningar om sidetal der de har funne feil. Gi også opp kva for telefonnummer nemnda kan ringe tilbake på dersom det er behov for fleire opplysningar. Men det hastar, songboknemnda må ha opplysningane så snart som råd – og seinast onsdag 14. september.
Med helsing
for NORSK FOLKEHØGSKOLELAG
Lars Sigve Meling Dag Wollebæk
leiar dagleg leiar