NF-rundskriv 2 – 2005 Innkalling til Landsmøte i NF 2005
Publisert
| Oppdatert
Det blir med dette kalla inn til landsmøte i Norsk Folkehøgskolelag på Ringerike Folkehøgskole 24. – 26. mai 2005. Møtet blir avslutta med festprogram 26. mai. Avreise etter frukost 27. mai.
Alle medlemmer i NF vil etterkvart få program/invitasjon til møte med nærare detaljar.
Etter vedtektene skal saker som skal opp på landsmøtet vera meldt til styret 2 månader før møtet, det vil seia 24. mars. Det vil seia at dei må liggje føre i sekretariatet ved utgangen av påskeferien.
Evt. framlegg til endring av vedtektene til NF skal vera meldt 4 månader før møtet. Styret skal ha møte 31. januar. Det vil vera tidsnok om eventuelle endringsframlegg ligg føre til da.
***
Vi minner elles om at utkast til nytt program for NF er sendt ut med høyringsfrist 14. januar
Med helsing
for NORSK FOLKEHØGSKOLELAG
Mai-Evy Bakken Dag Wollebæk
leiar dagleg leiar