NF-rundskriv 18 – 2005 Junimøtet 2006

Interessert i å arrangere junimøtet 2006?  Som kjent har NF gått over til 2-årige landsmøteperiodar. Føresetnaden for dette var at det skal arrangerast ei folkehøgskolesamling på forsommaren dei mellomliggande åra. Det første møtet vart arrangert på Lofoten folkehøgskole.

Samlinga har fått namnet ”junimøtet” – og vil neste år også gå i mai!

 

Vi søker nå etter arrangør for junimøtet 2006. Innhaldet er ikkje fastsett, men det er tenkt at det m.a. skal dreie seg om ulike sider ved folkehøgskolen, praksis og idé og slik fungere som eit etterutdanningskurs for tilsette. Også sosiale og kulturelle innslag skal ha rom.

 

Tidspunkt: tysdag 30. mai – fredag 2. juni med frammøte på sein ettermiddag tysdag og avreise på føremiddag fredag.

(NB! I rundskriv om aktuelle datoar vart det opplyst ein anna dato for junimøtet. Tidspunktet er seinare endra til 30.5 – 1.6)

 

Konferansen er tenkt utlyst open slik at han kan gå som kortkurs (3 dagar). Arrangørskolen skal derfor ha det praktiske og pedagogiske ansvaret innanfor rammene av forskrifter for folkehøgskolen

 

Dersom skolen er interessert i å stå som arrangør, vil vi be om å få melding om dette innan 6. september 2005. Vi vil også gjerne ha ei kort idéskisse frå skolen om muleg opplegg.

 

Styret i NF vil peike ut arrangørskole på møte 13.- 14. september. Rett etter dette tidspunktet vil ei felles programnemnd med representantar frå skolen og NF møtast for å planleggje vidare.

 

Med helsing

for NORSK FOLKEHØGSKOLELAG

 

Lars Sigve Meling                     Dag Wollebæk

leiar                                          dagleg leiar

Kalender