NF-rundskriv 10 – 2005 Landsmøtet 2005 – utkast til program for NF
Publisert
| Oppdatert
Sakspapira til landsmøtet var planlagt sendt ut denne veka. På grunn av sjukdom i sekretariatet kjem dei ikkje før neste veke.
Men sakspapir til den viktigaste saka, nemlig framlegg til nytt program ligg føre, og blir med dette sendt ut på e-post. Saksdokumenta som blir sendt ut pr. post vil også innehalde sakspapir til denne saka, men blir sendt på denne måten slik at dei så snart som råd kan kopierast til medlemmene.
Med helsing
for NORSK FOLKEHØGSKOLELAG
Mai-Evy Bakken Dag Wollebæk
leiar dagleg leiar