NF-rundskriv 7 – 2004 Dagskonferanse om Støtteordninger til prosjekt
Publisert
| Oppdatert
Både nasjonalt, i Norden og under ulike program i EU finst det midlar som skal støtte gjennomføringa av prosjekt på område som det kan vera naturleg for folkehøgskolar å engasjere seg i.
Vaksenopplæringsforbundet (Vofo) arrangerer onsdag 21. april ein konferanse i Oslo. På konferansen vil ulike støtteordningar bli presentert og kommentert. Folkehøgskolane har bare i mindre grad gjort seg nytte av desse ordningane. Dette trur vi til ein viss grad har si årsak i noko manglande kunnskap om støtteordningane. Vi sender derfor ut programmet slik at interesserte kan melde seg på.
Med helsing
for NORSK FOLKEHØGSKOLELAG
Mai-Evy Bakken /s/ Dag Wollebæk
leiar dagleg leiar