NF-rundskriv 4 – 2004 Landsmøtet 2004 – sakspapir og påmelding
Orienteringar om reisedekking m.m. blir sendt som følgjeskriv til sakspapira.
Påmelding
For dei som ikkje har meldt seg på: Dette skal skje direkte til Olavskulen folkehøgskule innan 1. mars. Vi viser til den utsendte brosjyren frå Olavskulen. Vi oppfordrar til representasjon frå ulike grupper på skolen. Rektor er også viktig.
Saklista
Etter at fristen for å melde saker var gått ut, har styret sett opp denne saklista utanom dei ordinære landsmøtesakene:
– Kjerneverdiar i fhs.
– Forhandlingssituasjonen
– Det nordiske samarbeidet
– Informasjonsarbeidet med folkehøgskolefilmen i fokus
– Landsmøte i 2005?
– Folkehøgskolesamling i Hamburg august 2004
– NF som organisasjon for alle som arbeider i folkehøgskolen
– Resolusjonar
Resolusjonar
Dersom det er framlegg til resolusjonar, ber vi om at desse blir sendt så snart som råd pr. e-post til NF-sekretariatet seinast 25. mars
Med beste helsing
for NORSK FOLKEHØGSKOLELAG
Mai-Evy Bakken Dag Wollebæk
leiar dagleg leiar