Støtteordninger
Fondet for folkehøgskolen
Styret for fondet er Folkehøgskolerådet. Rentene av fondskapitalen kan styret dela ut til desse føremåla:
- Til studiar, utgreiingsarbeid og forsøk som kjem heile skoleslaget til gode.
- Til prisoppgåver som har interesse for folkehøgskolen.
- Til andre føremål til gagn for folkehøgskolen, men ikkje til vanlege reise- eller studiestipend til einskilde rektorar eller lærarar.
Statuttar:
- Fondet er skipa av den kapitalen som Vikarkassa til folkehøgskolen hadde til overs etter avviklinga (Opphavleg sum: kr. 281 094,00.)
- Styret for fondet er Folkehøgskolerådet. Leiaren i Folkehøgskolerådet er leiar i styret. Folkehøgskolerådet står for rekneskapet og sekretær i Rådet er sekretær og saksforebuar for styret.
- Fondskapitalen kan ikkje rørast. Fondskapitalen skal plasserast slik at renteinntektene blir størst mogeleg, men med god trygd for kapitalen. Rentene for eit år kan delast ut neste år, men elles skal rentene leggjast til kapitalen.
- Rentene av fondskapitalen kan styret dele ut til desse føremåla:
– Til studiar, utgreiingsarbeid og forsøk som kjem heile skoleslaget til gode.
– Til trykking og/eller distribusjon av oppgåver om folkehøgskolen
– Til prisoppgåver som har interesse for folkehøgskolen.
– Til andre føremål som kjem skoleslaget til gode, men ikkje til vanlege reise- og – studiestipend. - Styret for fondet skal ha rapport frå dei som har fått stipend om korleis arbeidet/ prosjektet er utført.
- Styret sender årsmelding til Kyrkje-, utdannings- og forskningsdepartementet, Folkehøgskoleforbundet og Noregs Kristelege Folkehøgskolelag.
- Styret for fondet er ansvarleg for forsvarleg revisjon av rekneskapen.
- Fondsmidlane blir utlyste ein gong kvart år med søknadsfrist 1. november.
- Endring i desse statuttane kan berre gjerast etter vedtak på årsmøta i Folkehøgskoleforbundet og Noregs Kristelege Folkehøgskolelag.
HUK-fondet i Virke
Ansatte på folkehøgskoler, som er innmeldt i arbeidsgiverorganisasjonen Virke, kan søke om stipend fra HUK-fondet i Virke. Retningslinjer og søknadsskjema
Solidaritetsfondet
Landsmøtet vedtok å fase ut Solidaritetsfondet, da skolene har egne solidaritetsprosjekter, uavhengig av støtte fra fondet. Fondet blir utlyst til det er tomt for midler. Fondsmidlene har heller ikke ført til økt samarbeid om solidaritetsarbeidet mellom skolene, som var en av målsetningene da fondet ble opprettet.
Vedtekter for Solidaritetsfondet til Folkehøgskoleforbundet:
(Pr 3.6.2015)
1 Solidaritetsfondet til Folkehøgskoleforbundet er bygd opp av midlar frå eit ekstra påslag
på medlemskontingenten med 0,05% etter eit landsmøtevedtak i 1999.
2 Midlane frå fondet skal nyttast til å støtte internasjonale solidaritetstiltak.
3 Prosjekt der folkehøgskolar er, eller vil bli direkte engasjert, skal prioriterast. Ved
vurderinga bør det også leggjast vekt på om prosjektet omfattar engasjement frå
fleire skolar.
4 Styret i Folkehøgskoleforbundet er styre for fondet.
5 Søknad om midlar skal innehalde
– Presentasjon av prosjektet.
– Opplysningar om korleis midlane er tenkte brukt.
– Opplysning om kven som er ansvarleg for at midlane blir nytta etter føresetnadene.
6 Styret kan gi utfyllande prioriteringar av midlar frå fondet.
7 Etter at midlane er nytta skal rapport og dokumentasjon om bruken, og med
undertekning av rektor, sendast Folkehøgskoleforbundet innan mars påfølgande år.
Ved manglande eller mangelfull rapportering kan midlane krevjast betalt tilbake
til fondet.
8 Landsmøtet i Folkehøgskoleforbundet kan endre desse vedtektene.
Søknadsfrist: Kunngjørast i rundskriv frå Folkehøgskoleforbundet kvart år.