Lokallag
Retningsliner for lokallaga
(Kan heilt eller modifisert vedtakast av det enkelte lokallag)
1 Lokallagsmøte blir halde minst to gonger kvart halvår, og elles når det er behov for det.
2 Saker til lokallagsmøte bør meldast i rimeleg tid.
3 Innkalling til lokallagsmøte bør skje skriftleg.
4 Sakliste skal følgje innkallinga.
Saklista skal m.a. innehalde:
- godkjenning av dagsorden
- godkjenning av protokoll frå siste møte
- innkomne skriv, m.a. frå Folkehøgskoleforbundet sentralt
5 Viktige saker for lokallaget er t.d.:
- tilsettingsvilkår
- arbeidsforhold
- lokale godtgjeringar og avtalar om slike
- idémessige spørsmål
- pedagogiske spørsmål
- rekruttering
6 Det skal førast referat/protokoll frå møta.
7 Det skal haldast årsmøte kvart år.
8 Saker som skal behandlast på årsmøtet:
- årsmelding
- val av styre med minst leiar og nestleiar. Det bør veljast ein varatillitsvalt.
- tilmeldte saker
9 Lokallaget vel delegat til landsmøtet.
10 Funksjonstida for styret er normalt eitt år.
11 Lokallagsleiar er tillitsvalt etter Hovudavtalen i Virke og KS.
Retningsliner for Rektorlaget
(Kan heilt eller modifisert vedtakast av Rektorlaget)
1 Lokallagsmøte blir halde i samband med Lederforum (årsmøte) og rektormøtet kvart år og elles når det er behov for det.
2 Leiar og generalsekretær inviterast normalt til møta i laget og elles til møte i lokallagstyret etter behov.
3 Saker til lokallagsmøte bør meldast i rimeleg tid.
4 Innkalling til lokallagsmøte bør skje skriftleg. Sakliste skal følgje innkallinga.
Saklista skal m.a. innehalde:
- godkjenning av dagsorden
- godkjenning av protokoll frå siste møte
- innkomne skriv, m.a, frå Folkehøgskoleforbundet sentralt
5 Viktige saker for lokallaget er t.d.:
- rektor som arbeidstakar
- skolepolitiske saker
- leiarspørsmål
- idémessige spørsmål
- pedagogiske spørsmål
- rekruttering av medlemmer
6 Det skal førast referat/protokoll frå møta.
7 Årsmøte haldast i samband med Lederforum.
Saker som skal behandlast på årsmøtet:
- årsmelding
- val av styre med minst leiar og nestleiar . Det bør veljast ein varatillitsvalt.
- tilmeldte saker
8 Funksjonstida for styret er normalt to år.
9 Lokallagsleiar er tillitsvalt etter Hovudavtalen i Virke og KS.
10 Som medlem av styret i Rektorlaget er ein tillitsvald i Folkehøgskoleforbundet. Skolen kan krevja refundering av evt. bruk av vikarar for møtetid i styret.
Folkehøgskoleforbundet dekker nødvendige ekstrautgifter til reise- og opphald i samband med møte i styret.
Seniorlaget
Seniorlaget er lokallag i Folkehøgskoleforbundet. Medlemmene i Seniorlaget kan velje å stå som medlem i lokallaget Seniorlaget direkte, eller å stå som medlem i Seniorlaget og betale kontingent, fastsett av årsmøtet i Seniorlaget, direkte til Seniorlaget.
Folkehøgskoleforbundet krev inn kontingent for lokallaget, fastsett av styret i Folkehøgskoleforbundet, og lokallaget vil få økonomisk tilskot, til liks med lokallaga på folkehøgskolane. Alle medlemmene i lokallaget Seniorlaget i Folkehøgskoleforbundet vil få blada «Folkehøgskolen» og «Utdanning», gunstige forsikringsavtaler som for eksempel ulykkesforsikring fram til 75 år, og ellers alle medlemsfordeler.
Kontingenten er for tiden NOK 500,- per medlem eller husstand.
Styret i Seniorlaget:
Leder: Terje Garvik. E-post ter-garv@frisurf.no
Kasserer: Helge Furnes
Sekretær: Gerd Nystad