Om forbundet
Folkehøgskoleforbundet (FHF) formar og formidlar idéane til den frilynte folkehøgskulen og skal arbeide for folkehøgskulen sin plass i det norske samfunnet. Samtidig arbeider Folkehøgskoleforbundet kontinuerleg overfor myndigheitene for å sikre så gode rammevilkår som mogleg.
Fagorganisasjon:
Som fagorganisasjon har Folkehøgskoleforbundet forhandlingsrett for alle sine medlemmer både overfor Virke (dei private folkehøgskulane) og KS (de fylkeskommunale folkehøgskulane). Folkehøgskoleforbundet har et veletablert og forpliktande samarbeid med Noregs kristelege folkehøgskolelag (NKF), og de to organisasjonane har i fellesskap inngått en samarbeidsavtale med Utdanningsforbundet (UDF). Avtalen kan lesast her.
FHF og NKF er dei einaste fagorganisasjonane som fremmer løns- og arbeidsvilkår utelukkande for dei tilsette i folkehøgskulen. Gjennom Folkehøgskolerådet har dei to organisasjonane nær kontakt med stortingspolitikarar og departement – og fremmer krav på skuleslaget sine vegner.
Idéorganisasjon:
Folkehøgskulen som idé, og skuleslaget sin pedagogikk, slik det først vart formulert av den danske presten, poeten og historikaren N. F. S. Grundtvig i første halvdel av 1800 talet, er Skandinavias bidrag til verds-pedagogikken.
Folkehøgskoleforbundet er den viktigaste organisasjonen som forvaltar, fremmer og utviklar den frilynte folkehøgskolen som skuleslag og idé i Noreg. Dette arbeidet rettar seg utad mot politikarar og styresmakter. Innad i skuleslaget arbeider organisasjonen for ein brei debatt rundt idé- og prinsipprogrammet.
Sjå også vedtektene til Folkehøgskoleforbundet og historia til folkehøgskulane.