Voss folkehøgskule har ledig fast stilling som rektor!
Vår noverande rektor går av med pensjon, og me søker no etter ein engasjert, inkluderande og tydeleg rektor til å utvikle skulen vidare. Dette er ein unik moglegheit for ein erfaren leiar som brenn for å fremje livsmeistring, og som ønskjer å bidra til å forme framtidas generasjonar.
Voss folkehøgskule er ein frilynt skule eigd av Stiftinga Voss folkehøgskule. Skulen har ei 130 år lang historie der tradisjon og nyskaping går side om side. Skuletunet er bygd på ein vakker gamal gard som ligg idyllisk til ved Vangsvatnet, like utanfor sentrum av kultur, ski-og ekstremsportbygda Voss. Me har eit variert læringstilbod med høgt fokus på personleg utvikling og kreativ utforsking.
Søk her: Vil du leia Voss folkehøgskule? Den kjekkaste skulen i heile landet! | FINN.no
Arbeidsoppgåver:
- Overordna leiing og administrasjon av skulen.
- Utvikling og implementering av strategiske planar.
- Leie, motivere og støtte tilsette – sørgje for eit inkluderande og engasjerande arbeidsmiljø.
- Sørgje for høg kvalitet på undervisninga og eit trygt læringsmiljø.
- Sørgje for ei sunn økonomisk drift heile året
- Tett samarbeid med kontorleiar/ økonomiansvarleg og assisterande rektor.
- Byggje og vedlikehalde relasjonar med elevar, foreldre, lokalsamfunnet og samarbeidspartnarar
Kvalifikasjonar:
- Relevant høgare utdanning innan pedagogikk, leiing eller andre relevante felt.
- Leiarerfaring, gjerne innan utdanningssektoren.
- Erfaring med budsjettering og økonomistyring.
Me tilbyr:
- Ei utfordrande og meiningsfull stilling i eit spennande læringsmiljø
- Gode lønns- og arbeidsvilkår
- Me har disponibel bustad i nærleiken av skulen
Her får du ei meiningsfull stilling i eit spennande læringsmiljø!
Me tilbyr også gode lønns- og arbeidsvilkår, samt moglegheiter for personleg og fagleg utvikling. Me har også disponibel bustad i nærleiken av skulen.
Greitt å vite om du ikkje kjenner Voss:
På Voss finn du eit variert kulturliv med mange tilbod. Naturen rundt oss byr på alt! Du kan vandra på stiane oppi skogen, padla på Vangsvatnet nokre steinkast unna skulen, og på dei rette dagane kan du køyre på ski heilt heim frå skisenteret. Voss Herad har eit godt skuletilbod med Gullfjordungen barneskule rett ved. Her er også to nye vidaregåande skular med stor breidde i fagtilbod.