Utlysning av midler fra Solidaritetsfondet
Vedtektene til Solidaritetsfondet
1. Solidaritetsfondet til Folkehøgskoleforbundet er bygd opp av
midlar frå eit ekstra påslag på medlemskontingenten med
0,05% etter eit landsmøtevedtak i 1999.
2. Midlane frå fondet skal nyttast til å støtte internasjonale
solidaritetstiltak.
3. Prosjekt der folkehøgskolar er, eller vil bli direkte engasjert, skal
prioriterast. Ved vurderinga bør det også leggjast vekt på om
prosjektet omfattar engasjement frå fleire skolar.
4. Styret i Folkehøgskoleforbundet er styre for fondet.
5. Søknad om midlar skal innehalde
– Presentasjon av prosjektet
– Opplysningar om korleis midlane er tenkte brukt
– Opplysning om kven som er ansvarleg for at midlane blir
nytta etter føresetnadene
6. Styret kan gi utfyllande prioriteringar av midlar frå fondet.
7. Etter at midlane er nytta skal rapport og dokumentasjon om
bruken, og med undertekning av rektor, sendast Folkehøg-
skoleforbundet innan mars påfølgande år. Ved manglande
eller mangelfull rapportering kan midlane krevjast betalt
tilbake til fondet.
8. Landsmøtet i Folkehøgskoleforbundet kan endre desse
vedtektene.
Søknadsfrist: Kunngjørast i rundskriv frå Folkehøgskoleforbundet kvart år.