Utlysing av midler fra Solidaritetsfondet
Vedtekter for Solidaritetsfondet:
1. Solidaritetsfondet til Folkehøgskoleforbundet er bygd opp
av midlar frå eit ekstra påslag på medlemskontingenten
med 0,05% etter eit landsmøtevedtak i 1999
2. Midlane frå fondet skal nyttast til å støtte internasjonale
solidaritetstiltak.
3. Prosjekt der folkehøgskolar er, eller vil bli direkte
engasjert, skal prioriterast. Ved vurderinga bør det også
leggjast vekt på om prosjektet omfattar engasjement frå
fleire skolar.
4. Styret i FHF er styre for fondet.
5. Søknad om midlar skal innehalde
– Presentasjon av prosjektet
– Opplysningar om korleis midlane er tenkte brukt
– Opplysning om kven som er ansvarleg for at midlane blir
nytta etter føresetnadene
6. Etter at midlane er nytta skal rapport og dokumentasjon
om bruken sendast Folkehøgskoleforbundet
7. Landsmøtet i FHF kan endre desse vedtektene.
Søknadsfrist: 1. desember 2014