Rørsleglede
Han hadde også stor lyst til å aktivisere dei av elevane som hadde linjefag som berre stimulerte til å sitte stille framfor ein skjerm. Mange av desse elevane la i tillegg ein iherdig innsats i å prioritere valfag som lot kroppen vere i ro. Systematiske tapsopplevingar frå eit prestasjonsorientert gymnastikkfag, var også noko som karakteriserte denne gruppa. Han sette derfor i gang eit valfag som han kalla «rørsleglede». Som namnet tilseier var målsetting å skape glede ved å vere i aktivitet. Det vart lagt opp til lett tilgjengelege leikar og lågterskel aktivitetar både inne og ute, – med mykje latter og moro. Små uhøgtidelege konkurransar stimulerer oftast til innsats når det ikkje skaper taparar. Ved å stimulere til å delta, alle med sitt utgangpunkt, greidde læraren å gjere «rørsleglede» til ein suksess.
Dei av oss som trivast med å vere i rørsle kjenner den ekstatiske gleda ved å vere ute i naturen og slite og bruke kroppen. Anten det er på tur til høge toppar eller å oppsøke flotte naturopplevingar. Gleda vere å røre på seg og bruke kroppen har med andre ord mange dimensjonar og opptrer på mange ulike aktivitetsnivå.
I dei to siste nummer av «Folkehøgskolen» presenterer to av våre tidlegare leiarar; Odd Arild Netland og Knut Simble, alternative måtar å organisere det sentrale arbeidet i folkehøgskulen. Til tross for svært ulike meiningar om organisering og leiing, er fokuset på å ivareta folkehøgskulerørsla eit felles og viktig poeng i diskusjonen. Rørslearbeidet er kjernen og grunnlaget for alt arbeid i folkehøgskulen og må vere i fokus for Folkehøgskoleforbundet (FHF). Det er avgjerande viktig at dette blir ivaretatt med samfunnsmessig, historisk og filosofisk tyngde i eit levande ordskifte, og i blad og bøker.
Det er likevel ikkje diskusjonen eller det som blir skrive som gjer rørslearbeidet levande. Idé- og prinsipprogrammet for FHF legg m.a. vekt på å stimulere våre elevar til «…deltagelse i forpliktende fellesskap». Å utvikle denne evna til deltaking, gjeld også for alle tilsette. Dei møteplassar som blir skapt på den enkelte skule, og dei møter som oppstår mellom elevar, lærar og andre tilsette er det som skaper liv i rørslearbeidet. Rørsla er det som skjer i kvardagen på den enkelte skule, i undervisning og samvær, i møte med den enkelte elev og klasse/gruppe. Både elevar og tilsette skaper rørsla ved å delta i fellesskapet og by på seg sjølv og bidra med nye tankar, idear og aktivitetar. Dette krev innsats og kostar både energi og engasjement både for faget, for elevane og i tillegg for aktuelle samfunnsspørsmål. Rørsla og dynamikken, blir med andre ord skapt nedanfrå. Utan dette engasjementet og kanskje den venskaplege konkurransen mellom skular, er vi ikkje i rørsle. Når ein utfordrar både elevar og tilsette til å ta aktivt del og ein ser at dette verkar og gir resultat i form av modne, modige og medvitne elevar, gir det meining og mykje glede, – rørsleglede.
Einar Opsvik, leiar Folkehøgskoleforbundet