Landsmøtedelegater i grupper i gymsalen på Sogndal fhs

Landsmøtet på Sogndal 2023 – protokoll

31. mai – 2. juni 2023 vart FHF sitt landsmøte arrangert på Sogndal folkehøgskule. Skulen kunne stille med fjell og fjord som ei vakker ramme, eit godt vertskap og mykje god og spennande servering. Landsmøtedrøftingane hadde «Framtid for frilynt folkehøgskule» som overskrift og inviterte til samtalar med ulike innfallsvinklar.

Dag Hareide var invitert som kveiktalar, og gav og ny innsikt i dagens teknologiske utvikling og dei utfordringar det medfører for demokratiet. Øyvind Brandt lanserte ny bok om folkehøgskulepedagogikk og eit nytt prosjekt som omhandlar organisering sentralt, vart diskutert og vedtatt. Samtalen var livleg og engasjert både i drøftingane rundt landsmøtesakene, og i alle uformelle fora. Av 60 delegatplassar vart kun 42 brukt. Det betyr at svært mange skular/lokallag ikkje var representert på landsmøtet. Dette er ei stor utfordring for FHF som demokratisk organisasjon, og vi vil arbeide for større oppslutning fram mot det neste landsmøtet.

Lokallaget ved Sogndal folkehøgskule var referenter, og protokollnemnda besto av Stig Gunnar Myren fra Fjordane folkehøgskule og Kjetil Viken fra Ringerike folkehøgskole. Vedlagt er både fullstendig protokoll, og en vedtaksprotokoll.

Kalender