Folkehøgskoleforbundet: Eit attraktivt forbund for alle yrkesgrupper

Det er med audmjuk ærefrykt eg går inn i rolla som leiar for Folkehøgskoleforbundet i dei komande to åra. Samstundes  er eg trygg på at eg har solid erfaring og mykje av den type kunnskap som skal til for å drive arbeidet vidare framover. Forbundet skal vere i front og stake ut kursen for frilynt folkehøgskule.

I dette arbeidet er det avgjerande viktig at FHF har eit styre med engasjerte og erfarne medlemmer frå ulike skular rundt om i landet. Styret har etter landsmøtet fått ny samansetning med ei god blanding av tidlegare røynde styremedlemmer og nokre nye. Alle har god folkehøgskuleerfaring og kan bidra med nye perspektiv inn i styrearbeidet. I god tradisjon bygg vi på denne måten ei folkeleg rørsle og eit forbund med utgangpunkt i medlemene sine erfaringar og visjonar for skuleslaget. I nært samarbeid med svært dyktige medarbeidarar i Brugata skal vi arbeide for medlemmene og skuleslaget sitt beste.

Dei beslutningar som er fatta av medlemene på landsmøtet saman med ide- og prinsip­programmet for frilynt folkehøgskule, legg klare føringar for arbeidet som skal utførast i komande periode. Det er omfattande og spennande. I tillegg må ein alltid ha lov- og regelverk som overordna vegvisar og styringsreiskap både for styret og sekretariatet. Styret er også eit kreativt forum som kan bidra ta med idear og visjonar frå eigne skular, som grunnlag for å skape retning i arbeidet.

Ei lang rekke markerte personar har hatt vervet som styreleiar bakover i tid. Desse personane har bidratt med sterke innlegg og presentert idear, artiklar, bøker og strukturar i ulike fora. Dette arbeidet har skapt eit flomlys av erfaring, dokumentasjon og kunnskap, som vi kan bruke når vi skal søke etter vegen inn i framtida. I sum har slike bidrag skapt dei spenningar og diskusjonar som må til for å forme frilynt folkehøgskule og gjort det til eit viktig skuleslag for Norge. Munnlege og skriftlege innlegg og diskusjonar er viktig også vidare framover. Utan eit levande ordskifte basert på kunnskap og engasjement vil FHF ikkje greie å spegle samfunnet eller vere i ein aktiv utviklingsprosess.

Omgrepet danning har blir sett under lupa og sett ord på ikkje berre i folkehøgskulen sine debatt­spalter, men også i det generelle ordskiftet om innhaldet i det norske skulesystemet, – på alle nivå. Den generelle delen av læreplanen for grunnskulen har eit klart danningsperspektiv, og det blir innført nye fag og arbeidsmåtar der ein freistar å ivareta noko meir enn dei pensumrelaterte, faglege perspektiva. Høgare utdanning tar også mål av seg å vere ein danningsinstitusjon noko som Bernt Hagtvedt sin antologi «Danning» tydeleg viser. Folkehøgskulen har dette som spesifikt lovbestemt oppdrag og vi må halde fast på at det skal vere fagleg og pedagogisk kvalitet på arbeidet på den einskilde skule. Det er særleg viktig når andre skuleslag kanskje pustar oss i ryggen. Med mange ulike yrkesgrupper og ulike utdanningsnivå vil det alltid vere ei utfordring å bidra til å skape gode faglege utviklingsprosessar som både har eit høgt fagleg nivå, og er tilpassa arbeidet den enkelte medarbeidar står i. Å formidle folkehøgskulen sine idear og finne former for det faglege arbeidet som møter den einskilde tilsett utifrå sitt nivå og behov er viktig arbeid og ei konstant utfordring. Slik vil vi også arbeid for å gjere forbundet til eit attraktivt forbund for alle yrkesgrupper.

Samarbeid mellom dei ulike organisasjonane internt i folkehøgskulen er ein føresetnad for å skape gode utviklingsprosessar. Organisasjonane har styrer og sekretariat med mange engasjerte medlemmer og tilsette. Å samarbeide med kollegaer med sterke meiningar er både spennande og utfordrande. Sjølv om det er ulike interesser der nokre representerer medlemmene og andre skulane, er det viktig at ein samarbeider konstruktivt internt og står samla utad.

Arbeidet med nye NOU var initiert i vår, og skal ta til i haust. Folkehøgskulelandskapet er representert med to velkvalifiserte røynde kandidatar. Arbeidet startar i haust, og vi ser spent fram til resultatet hausten 2022. Dette arbeidet er viktig for alle i folkehøgskulen, og vi skal bidra så langt det er mulig. Vi håper også på ein prosess der det blir høve til å drøfte dei problemstillingar som blir sett på dagsorden og den retning som ein ny NOU kan stake ut for oss alle.

Einar Opsvik, leiar i Folkehøgskoleforbundet

 

 

Kalender