
Trond Instebø sluttar som rektor
– Det har vel kome til eit punkt der eg har funne ut at det er nok. Det er litt vemodig at denne tida har kome; det blir ein overgang for både meg og dei andre tilsette etter så mange år. Nokre har eg jobba med i alle år, andre i mange år, seier Trond.
Då han fylte 62 år opna «AFP-døra» seg, og for rektoren sin del blei det meir aktuelt å vurdere dette på eit tidspunkt. Han varsla styret ved skulen tidleg om dette.
Frå neste skuleår er det med andre ord ein ny person som sit i leiarstillinga ved skulen. Trond går over i ei rådgjevarstilling, der han truleg vil vere fram til hausten 2026.
– I den stillinga skal eg ha litt meir undervisning og gjere administrative oppgåver som ein ny rektor ikkje kan ta over med ein gong, seier han.
– Dette er eit svært flott skuleslag, som ein er nøydd å ta vare på og verne om, og som får lov å leve vidare på premissane som er no, legg han til om folkehøgskulen som institusjon.
Hardanger Folkehøgskule har no lyst ut rektorstillinga.
Klippet fra Hardanger Folkeblad