
Ny rektor ved Voss folkehøgskule
Lekve har dei siste 18 åra budd på Stord, men kjem opphavleg frå Stanghelle. På 80-talet var han elev ved Voss gymnas.
Lekve som tidlegare har jobba i Forsvaret, som personalsjef i Askvoll kommune – og i ulike HR-rollar i selskapet Wärtsilä under perioden på Stord – fortel at han trudde det ville verta vanskeleg å finna ei relevant stilling i Vossebygda.
– Kva tenkjer du om å skulle byrja som rektor her?
– Det er kjempespennande. Eg veit at dette er ein skule rik på tradisjonar, og ein sterk aktør på Voss; eg føler eg må skikka meg vel her.
– Eg tykkjer skulen har vore litt spenstige med valet, i og med at eg i utgangspunktet ikkje kjem frå skuleverket. Men eg skal jo ikkje undervisa her; det handlar mykje om leiing. Dette er litt som eit lite samfunn; folk lever og et her, får undervisning og nye perspektiv på livet. Eg vil prøva å få det beste ut av dei ressursane me har tilgjengelege, og at me samstundes er synlege i bygda.
På spørsmål om han har nokon visjon for skulen framover, peikar han på at folkehøgskulane er i endring, i den forstand at elevane er i endring.
– Ein må kanskje sjå ting litt utanifrå. Eg kjem frå ei privat verksemd som har fokus på eit ein heile tida må utvikla seg. Det ein gjer i år er ikkje nødvendigvis godt nok til neste år. At ein heile tida må sjå på korleis ein kan levera kvalitet kontinuerleg – og at det er ein kultur for det – er noko eg er van med.
– Den viktigaste marknadsføringa me har, er tidlegare elevar som har vore nøgde med det året dei gjekk her. Som skule er me heilt avhengige av at folk likar seg, og får eit utbytte av å gå her.
Klippet fra Avisa Hordaland
——————————
Foto:
Faksimile fra Avisa Hordaland