Sluttar som rektor på Voss

Siren Øyan Kulbeck byrja å jobba på Voss folkehøgskule som assisterande rektor i 2020, og tok etter kvart over som konstituert rektor før ho til slutt søkte på stillinga. Aller fyrst kom ho til folkehøgskulen som elev i 1976–77.

– Sirkelen vert avslutta same stad som folkehøgskule-livet mitt byrja! Personen som tek over som rektor får ein spennande jobb og arbeidsplass.

Søkjarlista er eit eventyr
Totalt 29 personar har søkt på stillinga for å ta over rektorjobben etter Siren. Styremedlem Hans Engelsen Eide seier at søkjartala er over all forventing.
– Det er eit eventyr, eg trur det må vera ein «alltime-high». Det er veldig spennande og nesten for godt til å vera sant, både med tanke på mengde og kvaliteten på søkjarane.
Søkjarlista består av 16 menn og 13 kvinner. Dei neste par vekene skal styret gjennomføra intervju før dei landar på den riktige kandidaten. Planen er at nyerektoren skal overlappa med noverande rektor, helst før det nye skuleåret set i gang på hausten.

Klippet fra avisa Hordaland