Landsmøte i Folkehøgskoleforbundet – mai 2025

Eg har fått gleda og æra av å delta på Utdanningsforbundet sitt landsmøte, som blir halde kvart fjerde år. Utdanningsforbundet har mange engasjerte medlemmer og lokallag som bidrar aktivt på landsmøtet. Dimensjonane er svært ulike, men i prinsippet arbeider Folkehøgskoleforbundet (FHF) på same måten: vi organiserer alle yrkesgrupper, inkludert leiarar, og vi har vedtekter og eit politisk program som vegvisar. Det politiske programmet både for Utdanningsforbundet og FHF er resultat av ein demokratisk prosess der medlemmene bidrar til å påverke sitt eige arbeid og sine eigne arbeidsvilkår.

På eitt viktig punkt er vi likevel ulike. Formålet for utdanningsforbundet er knytt til utdanning, kunnskap og kompetanse, medan FHF og folkehøgskulerørsla har danning og folkeleg opplysning som overordna formål. Verdiar, personleg utvikling, overblikk, engasjement og evne til å delta skal lærast og øvast. Kritisk tenking skal kome i tillegg til kunnskap og kompetanse. Odin Fauskevåg ved NTNU i Trondheim, nærmar seg pedagogiske problemstillingar frå ein filosofisk ståstad og kastar lys over dette i ein kronikk i «Morgenbladet»:

Kritisk tenking og fordjuping handlar då ikkje berre om akademisk analyse eller entreprenøriell problemløysing. Djup tenking handlar også om identitetsdannande sjølvkritikk og kulturkritikk. Fellesarenaer skapast ikkje berre gjennom kompetent deltaking i utdanning og arbeidsliv. Men også gjennom utviklinga av eit engasjert forhold til natur og kultur, til seg sjølv og til andre

For å vere ein truverdig organisasjon og eit levande skuleslag er vi avhengig av å verkeleggjere desse ideala også i vårt indre demokrati. Medlemmene si deltaking i dei prosessar som bidrar til å gi folkehøgskulen retning er avgjerande for at rørsla skal overleve. Det er med andre ord medlemmene sitt engasjement, medlemmene sin kunnskap om folkehøgskule og medlemmene si evne til å delta som skaper retninga. Dersom det oppstår eit maktvakuum i desse prosessane er det alltid ein fare for at andre krefter tar styringa. Det må vi unngå!

Idé- og prinsipprogrammet forpliktar alle våre tillitsvalde, og skaper retning for alle tilsette. Rektor har eit særleg ansvar sidan det pedagogiske ansvaret er lagt til denne rolla. Det er såleis også viktig at rektor er medlem i FHF og tar del i profesjonsfellesskapet og den rørsla hen i lovs form er sett til å forvalte.

Landsmøtet er vår viktigaste arena. Der blir vårt idé- og prinsipprogram drøfta og vedtatt. Sidan korona-tida ikkje tillet eit fysisk møte i 2021, er det åtte år sidan vårt politiske program har blitt sett under lupa på eit landsmøte. I slutten av mai 2025 byr det seg ein ny sjanse! Våren 2025 blir forslaget til idé- og prinsipprogram langt fram for alle deltakarar på landsmøtet og det blir høve til å diskutere og kome med forslag og innspel til endringar. I forkant blir eit utkast sendt på høyring til alle lokallag. Det blir med andre ord rikt høve til å sette seg inn i FHF sitt politiske program og bidra til å skape retning for frilynt folkehøgskule. Utan ein diskusjon rundt dette kan vi framleis ha eit indre demokrati, men det blir eit dårleg demokrati utan samtalen og meinings-brytninga på grunnplanet.

Det er viktig å delta.

Einar Opsvik,

leiar i Folkehøgskoleforbundet