Kommentar – ny folkehøgskolelov

Einar Opsvik: Forslag til endringar i Folkehøgskulelova, felles høyringssvar frå Folkehøgskolerådet
Einar Opsvik, leiar i Folkehøgskoleforbundet

Regjeringa har sendt ut på høyring «forslag til endringer i folkehøyskoleloven». Departementet har gitt tydlege signal om at innspel frå folkehøgskuleorganisasjonane i høyringsrunda vil vege tungt i den vidare prosessen. Folkehøgskulerådet (FHSR) sitt høyringssvar vart levert innan fristen 20. oktober og er resultat av ein grundig prosess. Saka har blitt behandla i dei fire organisasjonane, sendt ut på høyring til lokallag og tillitsvalgte og deretter drøfta i felles møter. Med utgangpunkt i innspel og forslag frå organisasjonane og bidrag frå skular og lokallag har ein kome fram til eit felles svar i regi av FHSR. I dette dokumentet ein står samla om dei store linjene og dei alle fleste punkta.

Det er viktig i denne prosessen å ivareta folkehøgskulen sitt særpreg, pedagogiske fridom og ei organisering som sikrar trygg skuledrift inn i framtida. Formålsparagrafen er overordna og gir føringar for resten av lova. I FHSR sitt forslag til ny formålsparagraf har ein redigert bort omgrep foreslått av departementet og lagt vekt på det overordna knytt til allmenndanning og folkeleg opplysning. Det har også vore sterk semje om å halde fast ved at den einskilde skule skal fastsette sitt verdigrunnlag. FHSR sitt forslag er som følgjer:

Lovens formål er å bidra til at det kan opprettes og drives folkehøgskoler i Norge.

Folkehøgskole må være med i skolens namn, og bare skoler som er godkjent etter § 2, kan bruke navnet folkehøgskole.

Folkehøgskolens formål er å fremme allmenndanning og folkelig opplysning, aktivt medborgerskap og menneskeverd.

Den enkelte folkehøgskole har ansvar for å fastsette verdigrunnlag innenfor denne rammen.

Det er ei utfordring å møte behovet for å styre, og samstundes sikre at folkehøgskulane har tillit og fridom til å utvikle seg fritt med bakgrunn i eiga historie. Ein har derfor argumentert mot at staten skal regulere elevbetalinga og regulere talet på overnattingsdøgn. Forslaget om at alle skular skal vere stifting eller AS har juridiske og økonomiske konsekvensar. I denne saka har kontakt med våre advokatar for å finne gode løysingar. Høyringssvaret frå FHSR ser ikkje at det er naudsynt å innføre dette som eit pålegg dersom openheit og kontroll er målsettinga.

Vi kan vere svært glade for at departementet ynskjer å skape ein solid folkehøgskulesektor med føreseielege økonomiske og organisatoriske rammer, og framleis vere eit viktig supplement til det ordinære utdanningssystemet. Prosessen knytt til redigering av lova fører ikkje med seg stor dramatikk for sektoren. Overskrifta i NOU 2022:16 om «Folkehøgskole for alle» kan vi ta på alvor, – men vi vil styre «butikken» utifrå eigne føresetnader.

Det visjonære i skuleslaget og pedagogikken må vi ivareta sjølv! Det skjer i våre demokratiske organ og skal byggast av rørsla nedanfrå, tilpassast tida og ungdomsgruppa. Det er vår oppgåve å gjere folkehøgskulen tydeleg som eit sterkt bidrag til demokratisk danning og beredskap.

Høyringssvaret er tilgjengeleg for alle på www.folkehogskoleradet.no I den vidare prosessen utover vinteren blir det jobba med høyring til forskrift for lova.

Einar Opsvik,

leiar Folkehøgskoleforbundet