Bøker: Sagatun på Hamar – Norges første folkehøgskole
«Ildsjelene fra «grundtvigskolen» på Hamar reformerte Norge i et politisk spenningsfelt mellom det liberale, sosialradikale og sosialdemokratiske, med lover og tankegods som staket ut kursen inn i vårt velferdssamfunn. Med andre ord: Sagatun folkehøgskole, som opprørsk tankesmie og fødestue for norsk velferdspolitikk, fikk grunnleggende betydning for utviklingen av samfunnet vi i dag lever i.»
Slik konkluderer forfattaren Jens Olai Jenssen i den grundige og veldokumenterte boka «I storm for frihet. Sagatun folkehøgskole – banebryter for folkestyre, feminisme og velferdspolitikk», om den første folkehøgskolen i Norge, grunnlagt i 1864. Tittelen på boka er velvalt. Grunnleggarane, lærarane, familiane rundt og elevane stod i storm for fridom, for kunnskap og opplysning, stemmerett, kvinnefrigjering og sosial rettferd. I fleire tiår var Sagatun og Hamar eit radikalt norsk episenter mot pietismen og embetsmannsstaten.
Skolen var bygd på tankane til Nikolai Fredrik Severin Grundtvig (1783-1872). Jenssen har skrive om ei stolt historie, i seks delar med dekkande overskrifter: «To fortellinger» (om frie menneske, kulturell storstue og dannelse), «Historisk bakteppe», «Kontroversiell folkeopplysning», «Tid for frigjøring», «Inn i nyere tid» og til slutt eit tillegg om , om dei rundt 40 folkehøgskolane som kom i Norge mellom 1864 og 1900 og arven inn i norsk skole, kristenliv og politikk.
«Den lyse skolen»
I dag ser vi nok mest på folkehøgskolen som eit tilbod til ungdom som vil finne seg sjølve, mellom vidaregåande skole og «resten av livet». Men folkehøgskolen er meir enn det. Den er eit av dei få danske/nordiske bidraga til pedagogikken i verda. Heilt frå dei grunnleggingstida var skolane «et samlingsted for radikale krefter innen kultur, åndsliv og politikk.» (side 302, i kapittelet med den treffande tittelen «Den lyse skolen»)
Herman Anker (1839-1896) brukte heile foreldrearven på å kjøpe tomta i Hamar, bygge og drive Sagatun. Saman med Olaus Arvesen (1830-1917) leia han all undervisninga. Konene til begge, Mix Anker og Sophie Arvesen, var aktivt med. Etter ti år hadde 700 elevar, mest gutar og unge menn mellom 17 og 30 år frå heile Sør-Norge, gått på Sagatun. Mange av dei reiste fulle av inspirasjon tilbake til bygdene sine og danna nye skolar, frilynte ungdomslag, arbeidarsamfunn, aviser, og/eller gjekk aktivt inn i lokalpolitikken. Fleire drog vidare til Askov i SønderJylland, som spelte ei like viktig rolle for folkehøgskole og demokratibygging i heile Norden som Sagatun gjorde i Norge.
Anker og Arvesen drog saman til det store nordiske kyrkjemøtet i Lund i 1859, og blei invitert vidare til København. Dei var i hageselskap heime hos Grundtvig, der den seinare Askov-rektoren, da student Ludvig Schrøder, helsa frå dansk ungdom og Olaus Arvesen frå dei norske og nordiske. Det var der dei to unge idealistane blei inspirerte til å lage ein «skole for livet» til «gavn for folket», som Herman Anker seinare oppsummerte formålet (side 61). To år seinare var Herman Anker igjen i København. Da møtte han Marie (Mix) Boysen, dotter av den nære Grundtvig-medarbediaren Frits Boysen og den svært Grundtvig-kritiske Eline Boysen. Herman og Marie gifta seg i 1863, og alt hausten 1864 opna Sagatun i Hamar, byen der både Grundtvig og Randi Solem hadde håpa på å etablere folkehøgskole i 1838.
Katti Anker Møller
Det gjekk bra med Sagatun lenge, men Ankers foreldrearv blei brukt opp. Han måtte trekke seg ut, også fordi han etter kvart syntest at Olaus Arvesen og andre blei for radikale. Skolen blei nedlagt i 1892.
Jens Olai Jenssen har tidlegare skrive biografi om Johan Castberg (1862-1926), ein av dei mest radikale og framtidsretta politikarane i norsk historie, og er medforfattar av biografi om Katti Anker Møller (1868-1945). Katti Anker Møller var dotter av folkehøgskolegrunnleggar Herman Anker og Marie Elisabeth («Mix») Boysen. Castberg og Anker Møller var hovudarkitektane bak «De Castbergske barnelover» i 1915, norske lover som førte til likestilling mellom barn født i og utanfor ekteskap. Andre nordiske land kom etter, Sverige så seint som i 1967.
Kitti Anker var født på folkehøgskolen. Johan Castberg var fast gjest på alt som skjedde der av «fritenkeruker» kvar sommar og i dei fleste andre folkemøte frå han var 19 år gamal. Han gifta seg med Karen Anker, søster av Katti.
Det er eit enorm kjeldemateriale Jenssen ausar av. Han viser til bøker og artiklar om folkehøgskolen, grundtvigianismen, norsk og nordisk politisk historie og lokalhistorie, avisoppslag og møtereferat. Ikkje minst har han brukt dei store brevsamlingane etter Herman Anker, Johan Castberg, Bjørnstjerne Bjørnson, dagbøker etter folkehøgskoleelevar og fleire i Anker-familien, og som ei særleg gullgruve: I alt rundt 700 brev mellom særleg mor Mix Anker og dotter Katti Anker.
Motstand frå pietistane
Dei årlege fritenkarvekene i august samla store folkemengder for å høyre den tids beste talarar. Det var talarar frå både Norge, Sverige, Danmark – og til og med ein finsk talar som i begeistring for dyrking av folkemålet heldt heile talen på finsk. Bjørnstjerne Bjørnson var der, den seinare statsministeren Johan Sverdrup, Camilla Collett, Aasta Hansteen, Marie Wexelsen, dei liberale leiarane Sofus Høgsbro (Danmark) og Sven Hedlund (Sverige), Viggo Ullmann, Johan Castberg, Marie Wexelsen, Eilert Sundt og mange andre talt. Og kritikken frå pietistane i indremisjonen blei stadig hardare, – mot den lyse kristendomsforståinga og mot folkehøgskolens arbeid for å fornye utdanninga og skape eit folkestyre. Det var Sagatun, og seinare Vigo Ullmanns folkehøgskolar i Agder og Telemark som blei møtt med den hardaste motstanden
Jens Olai Jenssen skriv tydelegare fram kvinnene i Anker-familien og andre kvinner, som Aasta Hansteen, i folkehøgskolehistoria og historia om framveksten av det norske folkestyret enn dei første har gjort før han. Han har solid kjeldemateriale for dette. Han viser også dei lange linjene med inspirasjon, kunnskap, kontaktnett og planmessig arbeid gjennom tiår frå Grundtvigs idear, utviklinga i folkehøgskolen og fram mot gjennomslag i norsk skolepolitikk og demokrati.
Det er også interessant å sjå Jens Olai Jenssens sakprosabok i samband med to finlandssvenske biografiske romanar, der folkehøgskolens rolle som ein heilt sentral nasjonsbyggar kjem fram. I 2010 kom Märta Tikkanens «Emma & Uno – visst var det kärlek» om Tikkanens morfar Uno Stadius, og i enda større grad mormor Emma, som var gift med denne andre rektoren på Finns folkhögskola i Esbo og seinare første rektor på Brunnsviks folkhögskola ved Ludvika. Ulla-Lena Lundbergs «Lyser och lågar» (2022, kort omtalt i Nordisk Tidskrift, 2024-2) er ein roman, der hennes oldeforeldre Olga og Robert Rostedt og deira tid som første styrarpar på Finns folkhögskola tidleg på 1890-talet er den sentrale delen av boka. På Åland var Ålands Folkhögskola (grunnlagt i 1895) den naturlege møtestaden da Ålandsrörelsen blei stifta i 2017.
I 1901 avduka Bjørnstjerne Bjørnson bauta over Mix og Herman Anker, i eit folkehav utanfor Sagatun. Seinare kom det også ein skulptur med kvinnesakspioneren Katti Anker Møller, som hadde folkehøgskolen og miljøet der som barndom og formative ungdomsår.
Historias lys skin framleis over Sagatun. I år er det stort 160 års-jubileum, og folkehøgskolen har fått ein bauta i ord: Jens Olai Jenssen har skrive ei imponerande bok, med god hjelp av bilderedaktør Magnus Sølna Jacobsen.
Av Jan Kløvstad
—————-
Jens Olai Jenssen:
I storm for frihet. Sagatun folkehøgskole – banebryter for folkestyre, feminisme og velferdspolitikk
Novus forlag, 2024
366 sider
Pris: 390,- kr