Potrettet magasinet: Samfunnskrafta i litteraturen

Korleis kan ein godt vaksen professor emeritus i nynorsk litteratur, ha noko å lære folkehøgskulen i dag? Vi møter Jan Inge Sørbø i det han er i ferd med å avslutte si lærar- og forskargjerning ved Høgskulen i Volda.  Han presenterer ei vag fortviling over å skulle flytte ut av eit omfangsrikt kontor med bokhyller på alle veggar, - alt skal pakkast ned og plasserast ein annan stad. Fulle bokhyller på alle veggar vitnar om ei lang karriere og eit stort engasjement for litteratur.

Vårt godt førebudde og velformulerte intervju, vart liggande ubrukt, og erstatta av ein engasjert samtale med knoppskyting omkring litteratur, historie, og dagsaktuell relevans.

Sjølv seier han at hans interesser dreier seg om litteratur, teologi, musikk og filosofi. Samfunnsengasjementet blir også tydeleg. Vi kjenner Sørbø som skarp politisk kommentator m.a. som fast skribent i avsa Dag og Tid. Han har gitt ut ei lang rekke bøker, diktbøker, biografiar og ikkje minst «Nynorsk litteraturhistorie» som beskriv den nynorsk litteraturen frå Ivar Aasen si tid og fram til i dag. Her viser Sørbø korleis litteraturen er viktig for å gje stemme til ulike grupper og for å kunne finne fram til dei marginaliserte.

Han har hatt eit stort engasjement for korleis litteraturen har spegla samfunnet og religionen, og m.a.  korleis den nynorske litteraturen har beskrive spenninga mellom Grundtvigianarar og pietistar. Samtalen og dei historiske perspektiva kjem raskt innpå eit spor som tydeleg gir gjenklang i dei utfordringar som folkehøgskulelandskapet kjenner på i dag.

  • På 1800-talet stod pietismen sterkt, det vart m.a. oppretta eigne forlag som gav ut bøker. Bedehusrørsla var stor og mektig. Det var jamvel kamp om kven som skulle får høve til å bruke forsamlingslokala.
  • Denne spenninga mellom dei frilynte og pietistane er spegla i den nynorske litteraturen. Det er ei beisk skildring av pietismen som bidrar til ei skille mellom leirane.

«Det liberale dilemma»

Sørbø legg også vekt på m.a. forfattaren Alfred Hauge som  reflekterer over si eiga reise i bedehusland og beskriv varmen i pietismen og møter med mange gode menneske.

På rektormøtet i 2006 var Sørbø invitert som foredragshaldar. Filosofen Hans Skjervheim og hans essey «Det liberale dilemma» var tema for fordraget. (Eit resymé av foredraget er tilgjengeleg i «Folkehøgskulen» nr. 2 – 2006.)

  • Skjervheim sin inngang er eit senario der mennesket blir sett på som ein mekanisme og objektivitsert. Dersom berre vitskap og vitskapsfolk får råde står ein i fare for å bruke eit menneskesyn der mennesket blir sett på som eit objekt. Om ein tar frå mennesket status som eit subjekt rører ein ved noko som er heilagt. God litteratur handlar om å sjå og ta vare på det mest sårbare i mennesket.

Skjervheim og filosofen Jürgen Habermas har engasjert Sørbø mykje, og her har folkehøgskulen mykje å lære. I eit tid som eg prega av woke og krenkingskultur, og stadig større makt til dei store tek-selskapa må vi finne ein måte å møte dette.

  • Det skjer ting i politikken, t.d. er det ting i EU som fungerer, når det blir sett inn tiltak for å lage direktiv og kontrollmekanismar for å motverke dei negative sidene ved den nye teknologien. Vi må arbeide for å etablere ein etikk knytt til dette.
  • Krenkingar har blitt eit problem, og den størst utfordringa knytt til dette er at nokre krenkingar er reelle.

Folkehøgskulen på sitt beste

Sørbø viser m.a. til boka til Lisa Esohel Knudsen «Det er personlig» som utfordrar vårt syn på frie rasistiske utsegner som viser seg å ha sterke personlege konsekvensar for einskildmennsket. Dette er ei sterk personleg skildring som utfordrar våre syn på fridom. Dette er etikk som både må vurderast på metanivået,  og samstundes sette fokus på den einskilde sit rette til ytringar. Dette gjeld også woke som eit fenomen.

  • Her skjedde det mykje rett i starten, – forsvar for svake grupper sine rettar, og vern mot diskriminering. Det eskalerte og førte med seg oppseiingar på universiteta av dei ikkje rett-talande, og t.d. riving av statuar. Då har det gått for langt, og vi har ikkje makta å sjå kva etikk på eit overordna nivå som også må takast med i vurderingane.

Folkehøgskulen på sitt beste skal vere ein samfunnsinstitusjon som har ein dialogprega pedagogikk i sentrum for sitt faglege virke. Det er nettopp samtalen Sørbø har i fokus. Forelesinga på rektormøtet i 2006, beskriv «det liberale dilemma» som utfordrar einkvar dialog, men like fullt  held fram samtalen som løysinga. Men, – dette er ei krevjande øving. Den som har definisjonsmakt har stort ansvar og må også sikre at dei svake også har ei stemme, utan at desse stemmene nødvendigvis skal ha styringsrett. Her viser Sørbø til Habermas som vurderer sanninga og argumenta i ein samtale utifrå desse kriteria: er det sanning – om det er objektivt rett, er det sannferdig og truverdig, er der rimeleg i eit normativt perspektiv?

I spenninga mellom det frilynte og det kristne er det ikkje tilstrekkeleg å slå i bordet med at «vi er dei frilynte» – her ligg det skjulte verdistandpunkt og ein må lenger inn i substansen og konkretisere argumentasjonen. Vi bør i følgje Sørbø sitt fordrag over Skjervheim og passe oss for ein lettbeint bruk av det frilynte eller liberale som eit «tomt» prinsipp. Då bikkar samtalen fort over i det autoritære. I ein god dialog kjem argument på bordet og ei erkjenninga av dei verkelege dilemma, – som ein kanskje må ha respekt for og leve med. Ein må halde fast ved det som er uløyseleg og forhandle med det som utgangspunkt.

Av Einar Opsvik, foto Øyvind Krabberød