Kommentar: Folkehøgskulelova 2.0

Regjeringa har sendt ut på høyring eit forslag til revisjon av folkehøgskulelova. Det er grunn til å vere tilfreds med at høyringsdokumentet speglar tydeleg velvilje til å ta vare på folkehøgskulen. Samstundes skal ein alltid vere på vakt når skuleslaget sin fridom blir utfordra.

Bakgrunn for revisjonen av lova

Med bakgrunn i eit ynskje om å greie ut folkehøgskulen si rolle i utdanningssystemet og skuleslaget sine rammer og samfunnsmandat, vart det i juni 2021 utpeika eit utval for å lage ein nye NOU for folkehøgskulen. Utvalet har foreslått 73 konkrete endringar for arbeidet i folkehøgskulen der overskrifta er «En folkehøgskole for alle». Dette dokumentet er eit viktig grunnlagsdokument når departementet inviterer til høyring for revisjon av folkehøgskulelova hausten 2024. Høyringsfristen er sett til 20. oktober.

Til tross for ein grundig prosess og eit breitt samansett NOU-utval, er forslaget til ny lov for folkehøgskulen i første rekke ei sementering, og ein forsiktig revisjon av skuleslaget slik vi kjenner det. På tross av gode intensjonar må vi likevel vere klar over at dei grunnleggande ideane som skaper overbygningane for skuleslaget, og ikkje minst dei store visjonane for folkehøgskulerørsla, må vi ta vare på sjølv. Dette gjeld også i høyringsarbeidet. Når vi vurderer og kommenterer paragrafane i høyringsdokumentet og i det nye lovforslaget, er det avgjerande at vi ser det i lys av folkehøgskulen si historie, det særeigne ved pedagogikken, dei verdiar vi dyrkar og menneskesynet. Essensen av dette er nedfelt i Folkehøgskoleforbundets sitt idé- og prinsipprogram.

Dette er ei krevjande øving og krev eit breitt engasjement om rørsla skal vere levande og formast nedanfrå. Det er alle som arbeider «på golvet» som verkeleggjer ideane og praktiserer pedagogikken. Alle våre lokallag, medlemmer og tillitsvalde blir såleis utfordra til å sette seg grundig inn i forslaga til revisjon av lova, og bidra i høyringsprosessen.

Tema i høyringsdokumentet

Innleiingsvis i høyringsdokumentet blir det gitt tilslutning til folkehøgskulen si tradisjonelle rolle som fellesskapsbyggar, arena for personleg og demokratisk utvikling og pedagogisk fridom. Vidare peikar dokumentet på ein del aktuelle samfunnsutfordringar. Regjeringa meiner at folkehøgskulesektoren kan bidra med løysingar, ved å gjere seg meir relevant opp mot dagens utfordringsbilde. Det blir m.a. peika på mangfald, utanforskap, inkludering av flyktningar, gjennomføring av vidaregåande opplæring og at folkehøgskulen kan vere ein reiskap for å bygge opp under seinare formell utdanning.

Ei rekke tema blir sett under lupa, ved at ein har sett det i lys av gjeldande rett, tatt med NOU-utvalet sine idear, høyringsinnspel, og til sist sagt noko om departementet sine vurderingar. Dette er igjen grunnlag for dei konkrete endringar som er presentert i lovforslaget til sist i høyringsdokumentet.

Ein revisjon av lova, inkludert dei forarbeid som blir laga i prosessen, vil alle vere med på å peike ut ei retning for skuleslaget, – truleg for dei neste 20 åra. Nokre av dei endringane som blir foreslått blir derfor avgjerande for framtida. Dette gjeld i første rekke formålsparagrafen som er overordna og som får følgjer for forståinga av dei andre paragrafane i lova. Det blir foreslått å innføre ei rekke nye begrep. Spørsmålet er om dette gjer oppdraget til folkehøgskulen tydelegare, eller om det legg grunnen klar for å gi skuleslaget meir instrumentelle oppgåver, og blir ein trussel for den pedagogiske fridomen. Formuleringa om at den einskilde skule skal utforme sitt eige verdigrunnlag, er foreslått fjerna. Dette kan ha konsekvensar for skulane sin identitet og særpreg.

Det blir gjort tydeleg at folkehøgskulen i første rekke skal vere eit tilbod til unge vaksne. Ein kan spørje om «En folkehøgskole for alle» blir verkeleggjort med denne klare avgrensinga? Danningsprosessar og livslang læring blir ikkje avslutta ved 20 års alder. Kortare kurs kan og bidra til ny kunnskap og nytt samfunnsengasjement.

Fullføring av vidaregåande skule er eit tema, og det blir foreslått at skuleslaget skal få ei meir aktiv rolle i å legge til rette for elevar som ynskje å gå opp til eksamen i vidaregåande fag. Det blir også foreslått at den einskilde skule skal ha krav på seg til å dokumenter ein kursplan for alle kurs på skulen. Ei rekke reglar om studiereiser, internat, opptak, makspris og skulereglar blir også foreslått. Alt dette bør vere tema for kritisk diskusjon i heile folkehøgskulelandskapet.

Det kjem også ein del forslag som får organisatoriske og økonomiske følgjer. For å gjere skuleslaget meir transparent blir det foreslått at alle skular skal vere organisert anten som aksjeselskap eller stifting. Det kan ha store økonomiske følgjer for einskilde skular, og det blir jobba med å finne ei avklaring på dette.

Det er positivt at regjeringa foreslår at styret ved skulane skal ha ei meir aktiv og ansvarsfull rolle enn i dag. Dette kan vere utfordrande for samansetninga og kompetanse i styret, men kan vere både ei støtte og eit korrektiv til rektor, som framleis skal ha det overordna pedagogiske ansvaret. Ein ny paragraf som opnar for forsøksverksemd gir moglegheiter for nytenking og kreativitet i folkehøgskulen.

Folkehøgskulen sin fridom

Fridom i utforming av skulane sitt innhald og pedagogikk, har alltid vore ei viktig sak for frilynt folkehøgskule. Dette kom til uttrykk m.a. i «kompetansestriden» på 70- og 80-talet. Olav Klonteig var svært tydeleg i ein artikkel i «Folkehøgskolen» nr. 9 – 1980. Folkehøgskulen bygg på eit menneskesyn som verdset menneskets fridom.  Dette skal folkehøgskulen spegle ved å vere ein møteplass for verdiar og problem som lærar og elev i fellesskap opplever som viktig. Skulen skal vere ein smeltedigel for personleg myndiggjering, der eleven sjølv må ta val, som resultat av refleksjon. Dei skulane som bygg på ein spesiell ideologi eller tankeretning, er forplikta til å ha ei kritisk haldning til eigne ideal.

Med dette som bakteppe er det vanskeleg å bruke folkehøgskulen som reiskap for instrumentelle oppgåver som staten ynskjer skuleslaget skal ha ei løysing på. Dette gjeld m.a. forholdet til fullføring av vidaregåande skule. Dersom vi får eit pensum- og karakterfokus som ein del av kurstilbodet, styrer dette skuleslaget i ei retning som ser på kunnskap som ei vare er på kollisjonskurs med ideen om «å stå i det opne», slik Øyvind Brandt beskriv det i si bok «Uten fasit». Eit skuleslag som legg vekt på personleg og demokratisk danning gjennom folkeleg opplysning, må ta utganspunkt i integriteten og motivasjonen hos den einskilde elev. Skuleslaget kan legge til rette for slikt arbeid, men ikkje forplikte oss til at dette er ei oppgåve skuleslaget har forplikta seg til.

Ta del i høyringa!

Høyringsdokumentet er offentleg tilgjengeleg og er ope for alle som ynskjer å kome med innspel. Det er grunn til å tru at innspel frå folkehøgskulelandskapet vil vege tungt i den vidare prosessen med revisjon av lova. Folkehøgskoleforbundet har utfordra alle sine lokallag, tillitsvalde og medlemer til å ta aktivt del i prosessen og bidra med sine innspel. Det blir arbeidd for at folkehøgskulen med Folkehøgskulerådet som koordinator, skal levere eit samla høyringssvar. Innspel frå våre lokallag vil avgjere om dette let seg gjere, eller om frilynt folkehøgskule skal formulere sitt eige bidrag.

Einar Opsvik,

Leiar Folekhøgskoleforbundet