Folkehøgskulen sitt varemerke

Eg er ikkje stor tilhengar av å nytte ord og omgrep frå bedriftstenking og næringslivsterminologien, og «varemerke» er i stor grad knytt til marknadsposisjon og konkurranseevne. I mangel av eit betre ord kan dette likevel hjelpe oss å tenke i retning av; kven er vi som folkehøgskulerørsle, kva vil vi stå for, kva er våre kjerneverdiar og aktivitetar og kva vil vi vise fram, til kven?  Det som er tydeleg er at folkehøgskulen sitt «varemerke» i dag, ikkje skaper den kommunikasjon med våre potensielle elevar som vi ynskjer. Når våre metodar ikkje nyttar, er det ikkje rett strategi å gjere meir av det same. Folkehøgskulen må gjere opp status, gjere noko nytt, og ta stilling til kursen framover.  

Vi har dei siste åra opplevd dramatiske samfunnsendringar og i tillegg lovendringar som har fått konsekvensar for skuleslaget. Nedgangen i elevtala i folkehøgskulen må truleg sjåast i lys av dette. Ei krise er ikkje nødvendigvis eit problem, det er viktig at vi ser på dette som ei muligheit. Det mest sentrale i det biletet er å arbeide med korleis vi kan skape eit fornya «varemerke» for folkehøgskulen, og korleis vi skal profilere dette.

I det arbeidet har det blitt lagt ein del premissar som vi ikkje kjem utanom. Folkehøgskulen skal vere ein samfunnsinstitusjon og eit tydeleg pedagogisk alternativ i utdanningssystemet. Vårt formål kan ikkje rokkast ved, då det er nedfelt i lovverket, – vår arbeid skal dreie seg om å fremme allmenndanning og folkeopplysning.

Dei komande post-covid-årskulla som vi ynskjer velkomen inn i folkehøgskulen, har tapt noko sosialt, dei er uroa for økonomien, dei har ein krigssituasjon nær innpå livet og dei anar ekkoet av demokrati og ytringsfridom som forvitrar. I tillegg er blir klimakrisa framstilt på ein måte som for mange fører til apati. I kombinasjon med eit uoversiktleg SoMe-landskap er dette tilsaman ein alvorleg situasjon som peikar i retning av at ein må sikre seg sjølv og gjere noko som er nyttig og seriøst.

Dei behov som kombinasjonen av samfunnsendringane og situasjonen for ungdomsgruppa fører med seg, kan folkehøgskulen gi gode svar på. Beredskap har i det siste blitt eit mykje brukt ord, hovudsakleg knytt til militær opprusting. Folkehøgskulen sitt overordna formål; demokratisk beredskap, er minst like viktig! Vi kan profilere at vi lærer og praktiserer levd demokrati og i tillegg arbeider for berekraft på skulane. Det er mange skular som gjer eit poeng av at ein arbeider aktivt med fellesskapet på skulen. Dette er vel verd å ta vare på og vidareutvikle, og i tillegg fokusere på fellesskapet i nærmiljøet og i større globale perspektiv. Det er heller ingen andre skuleslag som tar utgangpunkt i den einskilde elev og bygg opp undervisninga med utgangpunkt i kvart einskild årskull. Når ein kombinerer dette med stor læringsglede, eit solid fagleg nivå, kunnskap om samfunn og refleksjonar rundt dei store spørsmål i livet, har vi svært god substans for eit oppdatert varemerke. Dette er danning i praksis. Vi må ha mot til å satse på det!

Skal vi lukkast framover er det sjølvsagt ein føresetnad av vi tettar gapet som vi finn i ulik grad, mellom ideal og røyndom. Vi må leve som vi lærer, halde fast på det felles overordna og verdsette spekteret av skular og verdigrunnlag. Slik situasjonen er i dag, vil dette kreve tydeleg innsats for omstilling og pedagogisk oppdatering. Dette er ei stor oppgåve både for lærarar og leiarar. Det er også ein klar føresetnad at heile folkehøgskulelandskapet står samla og kan presentere eit felles bilete av skuleslaget.

Vi må våge å stå for det vi er, vi må vise det fram og ha tru på at dette har verdi, også for unge. Og kanskje det viktigaste vi kan formidle: folkehøgskulen skaper håp for framtida.

Einar Opsvik,

Leder Folkehøgskoleforbundet