Demokratisk beredskap og eit godt poeng
Regjeringa foreslår i ei ny stortingsmelding å ta bort tilleggspoenga som eit fullført folkehøgskuleår i dag kvalifiserer for. Dette kjem i samband med forslag til forenkling av opptakssystemet til høgare utdanning. Som ein konsekvens av dette blir det foreslått å ta bort det meste av tilleggspoeng ved opptak til høgare utdanning. Unntaket er førstegongsteneste i forsvaret.
Beredskap meir enn opprusting
Vi lever i ei tid der demokratiet er under press i mange land og demokratiske institusjonar blir truga av både ny teknologi og sterke økonomiske interesser. I tillegg har auka internasjonal spenning og ein potensiell krigssituasjon bidratt sterkt til at regjeringa ynskjer å auke beredskapen i Norge. Som ein følge av dette blir vårt behov for tryggleik større, og store summar blir sett av til opprusting av det norske forsvaret. Denne beredskapen er viktig og naudsynt, men det er ikkje tilstrekkeleg for å skape ein sterk og relevant beredskap i Norge. Beredskap er mykje meir enn opprusting.
Skaper demokratiske medborgarar
Folkehøgskulane sitt overordna mål er å drive demokratisk danningsarbeid. Dette har vore i sentrum for folkehøgskulane heilt sidan starten midt på 1800-talet. Gjennom ein dialogprega pedagogikk inviterer folkehøgskulane unge menneske inn i danningsprosessar der ein blir utfordra på kven ein er, korleis ein fungerer sosialt og ein får større innblikk i verda rundt seg. Samtalen som eit metodisk verktøy er i sentrum for skulane sitt arbeid. Dette bidrar til å ansvarleg-gjere den einskilde og til å sette både private og felles verdiar under lupa. Folkehøgskulen med eit spekter av læringsarenaer og som eit levd demokrati bidrar til å skape ansvarlege, demokratiske medborgarar som er godt skodd til å ta fatt på høgare utdanning, men også til å fungere på alle demokratiske arenaer som livet byr på.
Høg fagleg kvalitet
Bernt Hagtvet kjem i ein kronikk i Klassekampen (02.03.2024) med gode råd til vår nye utdanningsminister Oddmund Hoel, og fokuserer m.a. på «dannelse», – dette er folkehøgskulen sitt formål. Alt som Hagtvet foreslår å styrke, kan folkehøgskulen svare på. Med utgangpunkt i den einskilde elev pirrar folkehøgskulen nysgjerrigheita, ein set fokus på fakta og kjeldekritikk, ein utfordrar kreativitet og fantasi, gjennom dialog-pedagogikken blir elevane invitert til å bidra inn i samtale og refleksjonsprosessar som utfordrar både tankar og kjensler, og ikkje minst må alle stå i eit fellesskap og gjere nye erfaringar. Alt dette blir realisert i ei ramme med høg fagleg kvalitet utført av svært engasjerte, godt kvalifiserte lærar.
Dette er unikt i det norske skulelandskapet og burde verdsettast som ei kvalifisering til høgare utdanning og dermed til eitt tilleggspoeng, på same måten som førstegongstenesta i militæret. Folkehøgskulane bidrar til ein demokratisk beredskap som er livsviktig for samfunnet og fellesskapet.
Einar Opsvik, leiar Folkehøgskoleforbundet