Stopp krigen i Gaza!

Uttale frå Folkehøgskulerørsla.
Stopp krigen i Gaza!
Folkehøgskulerørsla fordømer krig, drap og terror mot sivile. Vi krev at Israel avbryt bombinga av Gaza og likeins at Hamas stansar alle terrorangrep retta mot Israel. Vi krev at partane stoppar konflikten og startar arbeidet med å finne ei rettvis, berekraftig og varig løysing.

Israels angrep mot Gaza er uforholdsmessig og strir mot Genèvekonvensjonane. Denne forma for kollektiv straff mot sivile er ei krigsforbryting og må stoppast for å få slutt på dei enorme lidingane som sivil­befolkninga er utsett for. Prinsippa i FN-pakta og humanitær rett må følgast!

Foto: Ringerike folkehøgskole

Folkehøgskulerørsla er tufta på verdiar som vektlegg menneskeverdet, åndsfridom, likeverd og ansvar for fellesskapet, og verdiar som er nedfelt i menneskerettserklæringa. Folkehøgskulerørsla har eit internasjonalt engasjement som legg vekt på eit arbeid for ei rettferdig verd og å skape medvit om det globale fellesskapet, gjensidig avhengigheit i verda og delt ansvar for å løyse globale utfordringar.

Krigen i Gaza bryt med alle humanistiske prinsipp og verdiar. Vi fordømer drap på born, sjuke og andre skuldlause og verjelause i konflikten. Vi stiller oss solidariske med alle som lever i frykt og uvisse og som står i ein forsvarslaus situasjon. Vi oppmodar FN, Norge og andre land og organisasjonar til å arbeide for å skape våpenkvile, sikre humanitær hjelp og bidra til ein varig fred.

Stoda for sivilbefolkninga i Gaza er ei katastrofe og krigen fører til meir hat, frykt og motsetnader. Krigføringa forverrar situasjonen og det blir enno vanskelegare å oppnå fred i området. Faren for ei eskalering av krigen gir skremmande perspektiv.

Folkehøgskulerørsla ber partane instendig om å stoppe valdsbruken. Vi krev at norske styresmakter og det internasjonale samfunnet legg sterkt press på dei ansvarlege partane i konflikten for å oppfylle sine folkerettslege plikter og til å stoppe krigen og dei enorme lidingane det påfører uskuldige. Stopp krigen no!

——————-

 

For Noregs Kristelege Folkehøgskulelag, NKF:
Kjersti Versto Råheim, leiar

For Informasjonskontoret for kristen folkehøgskole, IKF:
Tor Inge Askeland, leiar

For Informasjonskontoret for folkehøgskolen, IF:
Morten Eikenes, leiar

For Folkehøgskoleforbundet, FHF:
Einar Opsvik, leiar.