Jan Kløvstad:
Desse hendingane er beskrive av Jan Kløvstad i boka «Ild, begeistring og varme» utgjeve i år 2000. Med eit rikare tilfang av nyare kjelder presenterer Kløvstad no ei oppdatert bok der vi får eit langt djupare innblikk i både idealismen og detaljane rundt etableringa av skulen og dei spenningar som rørte seg i samtida.
Skulen fekk ein trong fødsel og ei kort levetid. Motstanden mot dei nye tankane var massiv både frå den pietistiske kristne rørsla og frå samfunnet elles. Dette første til at det var tung både å skaffe midlar til drift og skaffe elevar. Skulen vart etter kort tid flytta til Vigmarken i Landvik ved Grimstad og noko seinare til Seljord. Oppstarten av skulen fekk god spalteplass i VG og Ivar Fløistad fekk også skrive fleire artiklar om skulen og skuleslaget sine målsettingar og idegrunnlag. Dette fortel litt om kva posisjon dei nye skulane hadde i det norske samfunnet.
Kløvstad si bok synleggjer spenninga, konflikten og avstanden mellom pietismen og dei Grundtvigske skulane. Frykten for fritenkarar og radikal samfunnsengasjert ungdom, førte til oppretting av amtsskular fleire stader i landet utover 1880-talet. Den første kristelege ungdomsskulen vart oppretta i 1893. Desse vart klare konkurrentar til folkehøgskulane, som hadde langt dårlegare økonomiske vilkår.
Motstanden frå kristeleg hald var stor lokalt, men også på nasjonalt nivå hadde dei frilynte nye skulane massiv motstand. Kløvstad teiknar eit levande bilete av kampen skuleslaget stod i der Gisle Johnson i kompaniskap med Paul Caspari var frontkjemparane for pietismen. Den luthersk-ortodokse-pietismen sine teser og tankar stod i skarp kontrast til anskuelsen som vart beskrive som uluthersk og ukirkelig. Folkehøgskulane vart i ulike fora karakterisert som Helvedes anstalt, djævelens synagoge og satans verk. Dette på tross av at Ullmann understreker i si lærebok i verdenshistorie at: Historiens midtpunkt er Jesus Kristus.
Slik hadde lekmannsrørsla og det teologiske fakultet i samarbeid med kyrkjestyret, eit felles mål; å nedkjempe Grundtviganarane, – som mangla syn for den syndige fordervelsen. Dette religiøse kuppet har framleis eit ekko i norsk kyrkjeliv. Det kan vere eit spennande tankeeksperiment å sjå for seg korleis dette landskapet hadde sett ut i dag, og kva rom som hadde opna seg med Grundtvig sine idear som inspirasjonskjelde.
Kløvstad poengterer at det er underleg at mange av dei kristne skulane som vart oppretta som ein reaksjon på den frilynte ånda som prega dei Grundtvigske skulane, i dag har med Grundtvig som ein del av sitt verdigrunnlag.
Innsatsen til Viggo Ullman går som ein raud tråd igjennom boka. Hans innsats, idealisme og kamp gjorde at skulen overlevde og bidrog til å skape det som i dag er Seljord folkehøgskule. Boka til Kløvstad teiknar også eit fasinerande bilete av Ullman som ein stor folketalar og forkjempar for folkehøgskulen. Ullman hadde også ei lang karriere som rikspolitikar der ordskifta i m.a. i kyrkje-komiteen var harde og ingen brukte finvekt i ordvalet.
Talet på søknader om oppretting av nye folkehøgskular i dag, vitnar om at ideane frå dei første pionerane i folkehøgskulen stadig er levande. Ideen om danning slik det vart presenter ved skulestart i 1873 kan vi også slutte oss til i dag: Dannelse adler manden, ja gjør ham i sandhed til en ret adelsmand! Men dannelse er ingenlunde det samme som kundskaber.
Einar Opsvik
——————-
Jan Kløvstad
Gjennom hjertet til hjernen
Pris: 250,- kr
Novus forlag