Tillit til tilliten?
Ordet tillit blir hyppig brukt i aviser, kommentarar og intervju. Det blir også framstilt som om misbruk av tillit er noko nytt, og ein akselererande trend. Det er vel meir truleg at det er toppen av eit isfjell, og at er resultat av ein kultur som har utvikla seg i fred og ro over lang tid.
Tillit blir sett på som ein altruistisk eigenskap vi har som folk. Wikipedia definerer altruisme slik: «Altruisme er en etisk doktrine og filosofi som hevder at det er riktig å handle på en slik måte at det tjener en annen eller samfunnet som helhet.» Og SNL presenterer det slik: «Altruisme er en uselvisk og offervillig holdning og handling overfor andre. Altruisme er det motsatte av egoisme.» Denne uselviske og offervillige haldninga med ønske om å tene andre, er stor sett ein illusjon. Nokre filosofar går så lang som å seie at altruisme er umogeleg. Vi, i Norge, er ikkje betre enn andre. Likevel kan vi stort sett vere trygge, både på politikarar og privat i det offentlege rom. Dette er i stor grad resultat av ein lang sosial og politisk kamp for likskap og openheit, og at vi har budd i eit land som har vore forholdsvis homogent. Gjennom historia har det blitt arbeidd aktivt for å finne gode kompromiss i ein politisk tradisjon som i stor grad har vore pragmatisk.
Avsløringane dei siste åra viser tydeleg at vi må ta høgde for korleis menneske fungerer. Å ha makt og å ha ein markert politisk posisjon viser seg stort sett alltid å gi ei kjensle av å vere heva over folk flest. Dei fleste er nærast seg sjølv og ønsket om personleg vinning og kunne tileigne seg rikdom vil alltid vere pirrande. «Håndbok for politisk ledelse» som gjeld for den politiske leiinga i departementa, legg vekt på skjønn, ansvar og aktsomhet. Det kan sjå ut som denne handboka er omtrent like forpliktande som ein «slik har vi det hos oss»-plakat på ein folkehøgskule. Det er trist å sjå at korrupsjonsjeger Eva Joly og filosofen Nina Witoszek har svært mange gode poeng i si bok «Det blåøyde riket, – Norske tillitspatologiar». Dette ubehagelege biletet av det politiske landskapet fører til at mange kommentatorar etterlyser klare reglar og tydlege sanksjonar. Dette er heller ikkje utan kostnader. Eit samfunn som er prega av overkontroll, blir tungrodd og mindre smidig.
Det er likevel ei god forsikring for oss alle av vi har aviser og institusjonar som ikkje går av vegen for å stille sjølv dei sterkaste autoritetane til veggs. Ein kan trygt arbeide for å avsløre dei som går over alle grenser og dei som beveger seg i eit grått grenseland. Dette bidrar til å avsløre misbruk med påfølgande konfrontasjonar og hoderulling.
Når fokuset likevel er på at Norge er eit tillitssamfunn kan forklaringa vere at vi alle veit at det å stole på andre og å vere til å stole på til sjuande og sist er eit gode for meg sjølv. Det handlar med andre ord om kunnskap og erkjenning. Det er vår oppgåve i folkehøgskulen å motverke den negative tillits-trenden gjennom å øve våre elevar til «å bli oppmerksom på seg selv» slik det er formulert i vårt idé- og prinsipprogram. Kunnskap om korleis demokratiske prosessar er eit felles gode, at systemet er svært sårbart, og at det er viktig å delta, er uvurderleg. I alle faglege samanhengar kan ein trene på samtalen, øve seg i å finne kompromiss, forstå sine medmenneske og lære å fungere saman med andre. Eit vidare blikk og kunnskap om dei landa ein besøker, kan også bidra til at ein forstår verdien av dei goder og det velferdssystemet vi har i Norge. Dei danningsprosessar som folkehøgskulane inviterer til, kan bidra til å skape samfunnsdeltakarar med gode kunnskapar og ein høg moralsk og personleg integritet. Dette er den viktigaste medisinen. I eit fritt skuleslag krev dette at våre leiarar og lærarar er tilliten verdig.
Einar Opsvik, leiar i Folkehøgskoleforbundet