Einar Opsvik: Landsmøtetalen

Einar Opsvik ble gjenvalgt med varm akklamasjon under Folkehøgskoleforbundets landsmøte i Sogndal. Her følger et utdrag av talen:
Tale til landsmøtet 2023 «Framtid for frilynt folkehøgskule»

Kjære landsmøte og gode kollegaer!

Der er ei glede og eit privilegium å få lov til å halde tale til landsmøtet. Vi står i ein lang historisk samanheng, ikkje berre frå Grundtvig si tid, men har henta våre idar om danning heilt frå antikken. Vi skal utfordre oss sjølv og dei vi møter med kunnskap, kreativitet og undring.

Vi skal ha desse dagane i Sogndal, ha fokus på «Framtid for frilynt folkehøgskule». Alle landsmøte­­talar vender seg til framtida, og for fire år sidan kunne Øyvind Brand slå fast at «rikets tilstand er god». På ganske kort tid er situasjonen endra, og vi står i dag framfor nye problemstillingar som utfordrar våre strategiske val inn i framtida.

Som innleiing er det freistande å repetere dei grunnleggande ideane som vi bygger vårt arbeid på: Vi er ein samfunnsinstitusjon, vi arbeider for å bidra til at alle skal kunne leve det gode liv. Og dette heng saman med korleis vi kan halde fast på vår evne, rett og muligheit til tenke, meine og velgje fritt. Dette er det frilynte Inge Eidsvåg presiserer i sitt Program for dannelse i skolen at det også inneber å lære å ta ansvar for fellesskapet og framtida. Dette handlingsrommet finnast innanfor demokratiet sine rammer. Vårt felles idé- og prinsipprogram gir oss gode fyrlys.

Deliberativt demokrati

Det er alltid nokre som har tenkt mykje og som har gått opp råsa før oss, som vi kan støtte oss til, og hauste kunnskap frå.

Ein dagsaktuell tenkar; Jürgen Habermas nyttar omgrepet deliberativt demokrati. Han er tydleg i ein folkedanningstradisjon og er opptatt av at alle kan og bør bidra til rådslaging og diskusjon. Habermas brukte begrepet deliberativt demokrati for å beskrive korleis offentleg diskusjon kan vere med på å drive samfunnet framover, og at vi treng meir rasjonell og sakleg samtale for å finne felles løysningar på samfunnsproblem. Ikkje minst er det viktig å lære å fungere i eit ueinigheits­fellesskap. Samfunnet må då legge også til rette politiske, kulturelle og sosio-økonomiske føresetnader for å sikre brei demokratisk deltaking.

   Det kan vere vanskeleg å sjå samanhengen frå individ til samfunn i det daglege, men det handlar om å bruke ein pedagogikk som må lærast og bli til integrert kunnskap hos dei som har ansvar på dei læringsarenaene vi møter ungdommane. Vi må vere rigga for å møte store omveltingar med noko som er fast og tidlaust.

Ny NOU for folkehøgskulen

Vi har fått ein NOU for folkehøgskulen som på mange måtar er konserverande i sitt innhald, men legg tydlege vekt på at vi skal ha gode og levedyktige folkehøgskular som skal ha brei aksept for sitt samfunnsmandat. Tittelen En folkehøgskole for alle indikerer tydleg av vi må ta alvorleg den tillit vi får, og vårt ansvar for å vere demokratisk representative for det norske samfunnet.

Demokratisk representativitet handlar også om å kunne tilby ulike kortare kurs for alle aldersgrupper. Dette blir etterlyst i vårt høyringssvar, også med eit særskilt blikk på seniorskulane.

I vårt høyringssvaret støttar vi også opp om å halde fast ved danningsomgrepet. Det er i tillegg ein distinksjonen mellom folkeopplysning og folkeleg opplysning som er viktig. Dette kjem også tydleg til uttrykk i Folkehøgskoleforbundets (FHF) sitt idé- og prinsipprogram: «Hans [Grundtvigs] menneskesyn og skoletanker trakk veksler både på opplysningstidens rasjonalisme, romantikkens opplysningstanker og kristen-humanisme.»

Kvalitet i folkehøgskolesektoren er eit eige kapittel i NOU-rapporten. Vi kan slutte oss til målsettinga om at det skal vere høg kvalitet på alle læringsarenaer i folkehøgskulen. Bjarne Kvam belyste dette på Lederforum hausten 2021, og sette kvalitet i klar samanheng med i kva grad vi er rigga for å nå danningsmåla. Hans foredrag gjorde det også tydeleg at arbeidet i folkehøgskulen stiller store krav til lærarrolla.

I eit forsøk på å gjere dette operasjonalisertbart foreslår NOU-utvalet at alle kurs skal ha ein plan som viser samanhengen mellom innhald i kurset og korleis dette bidrar til å nå måla i formålsparagrafen. Eit pålegg om å forankre læringsprogram i formålsparagrafen kan synleggjerast når skulen som heilskap i sine undervisningstilbod viser korleis ein innrettar sine metodar og pedagogikk slik at dette blir ivaretatt. Å talfeste eller systematisere slike resultat skal ikkje vere mulig, då undervisning skal ta utgangpunkt i den einskilde elev, og ha ein dynamikk gjennom skuleåret der elevane skal medverke.

Teknologi

I framtidas folkehøgskule har NOU-utvalet eit ynskje om at folkehøgskulen skal vere ein arena for pedagogisk og fagleg utvikling og innovasjon. I eit demokratisk perspektiv, er vi inne i ei tid der m.a. ny teknologi utfordrar tradisjonelle demokratiske maktstrukturar. Mykje av den nye teknologien er i hendene på svært få personar med svært mykje kapital, som såleis har fått svært stor makt. Her er sterke krefter som ynskjer meir enn å vere i ein konkurransestyrt marknad, dei ynskjer å ha monopol. Gjerne over heile verda. Også perspektiv der maskinene tar over og tar eigne avgjersler er mulig å sjå framover.

Korleis kan folkehøgskulen møte dette? Det er utfordrande både som fag og som kunnskap om korleis det påverkar vår fridom og deltaking inn i framtida. Effekten av ny teknologi er avhengig av at vi gjer alle dei gode politiske vala, og her kan folkehøgskulen bidra til å danne gode og kunnskapsrike aktørar. Eg er spent på kva skule som blir den første som har Metaverset på sin linjemeny!

Innhald og arbeidsmåtar i folkehøgskulekvardagen

Idé og prinsipprogrammet for FHF, ligg i botnen for alt lærings- og undervisningsarbeid i folke­høg­skulen. Det er landsmøtet og medlemmene som legg føringane, men vi må aldri sleppe tak i at det er i det daglege, i møtet mellom lærer, tilsett og elev at rørsla får liv.

Vi må framover ta stilling til kva vi skal jobbe med og korleis. Ingrid Fiskaa kommenterer i Klassekampen slik: «Folk flest er godt trena i å vera kundar, og i dårleg form som politiske aktørar.» Å bidra til at våre elevar får trening som demokratiske aktørar er eit viktig mål for vårt  danningsarbeid. Dialektikken mellom fagleg læring på eit høgt nivå, saman med ein pedagogikk som fremmer dialog, og utvikling skal vere i sentrum.

Eg trur vi må snakke om kva språk og ord vi brukar når vi skal formidle til ungdommar kva vi arbeider med og for i folkehøgskulen. Det er ei utfordring å skape eit bilete av skuleslaget som ein arena der ungdommane får med seg noko viktig, noko djupare, noko verdifullt, som ein kan ta med seg vidare i si yrkeskarriere og livet elles, – og på den måten er nyttig.

Vi må utfordre fortellinga som vi har skapt om eit friår og vise fram at kunnskap, læring, utvikling og erfaring er uvurderleg og nyttig både i vidare utdanning og i livet som medborgar. Skal vi halde fram å dyrke og marknadsføre fritidsaktivitetar, opplevingar og reiser eller skal vi sikte mot å bli ein tydeleg samfunnsaktør? Vi treng ein diskusjon rundt ein ny kurs, og kvar denne kursen skal føre oss.

Folkehøgskulen skal stille krav til sine elevar, men på ein annan måte enn i skuleverket elles. Arild Mikkelsen skriv i sitt bidrag i boka Å ta bolig i seg selv, om dialogen. Ikkje berre som metode, men som livsform, og som ei grunnlagstenking vi kan dyrke i folkehøgskulen. Å invitere elevar og andre inn i situasjonar som fremmer dialogen, kan bidra til personleg utvikling og meiningsutveksling både på skulane og i lokalsamfunna, som viser at folkehøgskulen har eit seriøst bidrag.

Vi kan ikkje undervurdere ungdommane si interesse og evne til å ta inn noko som har djupne, er seriøst og skaper meining. Eg håper det kan bli ein del av folkehøgskulen sitt kjenneteikn.

Framtidig organisering

Norsk folkehøgskule har behov for eit samla, tydeleg og slagkraftig sentralledd i ei utfordrande tid. Dei siste seksten  åra har ei stadig tettar samlokalisering gjort samarbeidet mellom organisasjonane i folkehøgskulen betre og lettare. Dette gjeld både marknadsføring, fagforeining­sarbeid, rørslearbeid, pedagogisk utvikling, skuleutvikling og myndigheitskontakt. Styret i FHF i samarbeid med styret i IF har derfor tatt initiativ til å vurdere ei ny og felles organisering. Målsettinga er å vere ei tydeleg stemme utad i fagforeiningsarbeid, samfunns- og myndigheits­kontakt, og eit samlande organ inn mot skuleutvikling, fagleg og pedagogisk utviklingsarbeid. Klare signal frå NKF om at dei ynskjer samtalar om mulige framtidige organisasjonsformer opnar også for å vurdere ei anna og heilskapleg organisering.

Det grøne skiftet

Landsmøtet på Skogn i 2019 bestemte at frilynt folkehøgskule skal vere «I front for det grøne skiftet». Dette er ei ambisiøst målsetting som vi ikkje kan sleppe taket i. Dette blir ikkje hovudtema på dette landsmøte, men vi må halde fram det arbeidet som er sett i gang. Vi treng ei ny strategi for vidare arbeid.

Ein viktig del av det som alt har blitt gjort er etableringa av samarbeidet med Miljøfyrtårn og utvikling av måleparameter for skulane sine utslepp, – ein enkel og effektivt reiskap for å få oversikt over eigen skule, og for å dokumentere korleis vi når resultat som skuleslag.  Vi er avhengige at alle deltek om vi skal sjå resultat og vere truverdige. Slik det er i dag, er det dessverre altfor få skular som melder inn sine resultat. Vi er avhengig av at alle tar del i måling og registrering og sende dette inn slik at vi får oversikt og kan presentere resultata til heile folkehøgskule­landskapet.

Ny kurs

Vi har på kort tid møtt nye store utfordringar rundt oss, som verkar inn på skuleslaget og på rekrutteringa. Å vere nede i ein bølgedal fører med seg krav om omstilling, nedskjering og nedbemanning. Likevel trur eg at folkehøgskulen i denne situasjonen har livets rett  meir enn nokon gong. Alt som utfordrar fellesskapet sine ideal om demokrati og folkelegheit kan folkehøgskulen svare på.

Vi treng diskusjonen kva som skal vere innhald, korleis vi skal presentere oss og korleis vi skal nå våre mål slik dei er formulert i lova. Eg har tur på at folkehøgskulen har noko viktig å bidra med: danning og folkeleg opplysning står fast.

Einar Opsvik, leiar i Folkehøgskoleforbundet