Einar Opsvik kommenterer ny NOU
Det er både spenning og høgtid knytt til presentasjonen av NOU for folkehøgskulen vart lagt fram i Kunnskapsdepartementet. Førsteinntrykket er at nemnda som i eitt og eit halvt år har jobba med rapporten er positiv til folkehøgskulen. Det blir lagt vekt på at skulane bidrar til å bygge samfunn, fellesskap og aukar den mellommenneskeleg tilliten som det er viktig å ta vare på. Innleiingsvis blir det også peika på verdien av folkehøgskulen sitt demokratiserande oppdrag og demokratiserande praksis. Det er tydeleg at utvalet ser positivt på folkehøgskulen når dei presenterer 73 forslag til endringar, – både for å sikre kvalitet og framtid for skulelaget.
Forslaget til ny formålsparagraf inneheld framleis dei velkjende omgrepa allmenndanning og folkeopplysning, men blir i tillegg tilført ei rekke andre omgrep. Desse tener til å utdjupe og nyansere formålet og til å presisere samfunnsoppdraget til folkehøgskulen. Det gjer den også meir operasjonaliserbar, noko som blir tydeleg i kapittel 11 om «Kvalitet i folkehøgskolesektoren». Det er all grunn til å gjere desse nye omgrepa til gjenstand for diskusjon i tida framover. Dette er med på sette kursen inn i framtida og vil vere avgjerande både for innhald og pedagogikk i skuleslaget. Skjerpa krav til kvalitet blir også sett i samanheng med krav til utdanning for det pedagogiske personalet, og ikkje minst forslag om at lærarar skal få dekka kostnader til vidareutdanning i folkehøgskulepedagogikk. Fokuset på mangfald er gjennomgåande i rapporten. For å gjere både elevgruppa utvalet av tilsette på folkehøgskulen meir demokratisk representative, blir pris på skuleår eit viktig verkemiddel. Det kjem m.a. forslag om makspris, og ein prispolitikk der lån og stipend frå lånekassa blir styrande.
Diskusjonar i personalgruppene på skulane, i våre debattforum i bladet og på nett, og på samlingar framover blir svært viktige. Dette vil danne grunnlaget for å forstå kva konsekvensar nye forslag vil ha i kvardagen for den einskilde skule, og gi føringar for korleis høyringssvar til departementet skal utformast. Vi ser fram til ein god prosess med stort engasjement.
Einar Opsvik,
leiar i Folkehøgskoleforbundet