Stord folkehøgskule har fått sin første rektor
– Eg gler meg veldig til å ta fatt på jobben som rektor på folkehøgskulen! Det ein sjelden mulighet å få lov til å vera med å byggja opp ein heilt ny skule, og i lag med andre ildsjeler få skapa ein folkehøgskule der elevane får minner for livet.
– Kva betyr folkehøgskule i dag?
– Dei ungdommane som vel eit år på folkehøgskule får venskap for livet, dei får mange nye opplevingar og dei får utvikla seg innanfor område dei brenn for eller er nysgjerrige på. Her er det ikkje karakterar eller eit bestemt pensum som dei skal gjennom, men fokus på praktisk læring, meistring og personleg utvikling. Folkehøgskuleåret på terskelen til vaksenlivet er viktig for mange unge som treng litt tid på å finna ut kva dei vil. Her får dei prøva ut ulike interesser i mange ulike valfag, og fordjupa seg i eit linjefag i ein sosial felleskap der dei lærer av kvarandre og møter dyktige fagpersonar og trygge vaksne.
– Kva er den viktigaste jobben for ein heilt nytilsett rektor?
– Eg fekk eit hei og 350 søknader på bordet mitt, så første prioritet er tilsetje resten av staben. Det er utruleg kjekt at det er så stor interesse for stillingane på folkehøgskulen og det er mange ulike stillingar som skal fyllast. Så no startar den store jobben med å laga det gode laget som skal ha ansvar for elevane som får skuleplass på Stord.
– Og elevane?
– Skulen er halvfull så langt, og det er enda 6 månader til skulestart, så her ligg me svært godt an. Det er kontinuerleg opptak av elevar. Me har enda ein ledige plassar, men no må ein berre hive seg rundt å søke før det blir fullt. Dei elevane som kjem til oss i år får ein unik sjanse til å vera med å utvikla skulen det første året.
På Stordfhs.no kan ein finne meir spesifikk info om skulen.
———————————
Litt bakgrunn:
Stord folkehøgskule er den nyaste folkehøgskulen i landet, og startar opp i august 2021. Skulen er ein frilynt skule, eigd av industrien, Fellesforbundet, Stord kommune og næringslivet. Skulen tilbyr spennande fag innan idrett og friluftsliv (for alle nivå), film og TV, e-sport og gaming, politi og vektar, entreprenørskap og motocross.
I sommar flytter skulen inn i ombygde Grand Hotell på Leirvik. Folkehøgskulen har ein kapasitet på opp til 125 elevar og vil ha omlag 20 tilsette.