Bøker: Dommedag er avlyst; «GRØNN VEKST», ny kokebok for folkehøgskulen
Stoknes sine tidlegare bøker dannar ei vifte av kunnskap som han nyttar som analyse av miljøproblema og som grunnlag for å finne løysingane. Ein kombinasjon av psykologisk kunnskap, økonomiske analyser, teknologiske løysingar og framtidsscenario dannar ein heilskap der Stoknes kan hevde at vi har løysinga på miljøproblema.
I sterk kontrast til krefter som går hardt ut mot det kapitalistiske systemet og bruker vekstideologien som forklaring på at vi er på veg mot stupet, tar Stoknes denne tankegangen i bruk for å finne løysingar på krisa. Han ser ikkje på vekst som eit problem, men vekst som ei løysing. Det sentrale er kva type vekst ein vi lærer oss å bruke framover.
Denne tradisjonelle typen økonomisk vekst der auka vekst fører til auke i ressursbruk og forbruk av naturen, kallar forfattaren «grå vekst». Med ein eksplosiv auke i folketalet i verda og eit tilsvarande overforbruk av natur og ressursar, kan ikkje denne typen vekst halde fram. «Grønn vekst» blir alternativet. Dette er ein vekstfilosofi som enkelt fortalt sikrar økonomisk vekst samstundes som det minkar ressursbruken, eller til og med skaper ressursar. Stoknes gir i boka mange gode eksempel på verksemder og selskap som har lagt om produksjon eller satsa på innovative produkt og dermed oppnådd akkurat dette.
Solide kunnskapar om Jungiansk psykolog er fundamentet for å forstå menneskelege tendensar og drivkrefter. Våre etablerte tankemønster og våre fortellingar og førestillingar er etablert som mytologiske fortellingar i vår kultur. Dette er kunnskap som samfunn og næringsliv må ta omsyn til i klimaarbeidet. Auka medvit og vilje til å skape nye fortellingar og myter er ei sentral drivkraft for å skape ei ny retning i arbeidet for å berge kloden. Ei sentral levande myte er fortellingar om mennesket som trivast med å skape nye ting, konkurrere i ein marknad og bruke kreativiteten til å skape nye ting. Ein kreativitet som synast endelaus. Desse menneskelege sidene ved klimakampen er avgjerande og minst like viktige som dei teknologiske.
Eit sentralt ord i boka som det er verd å merke seg er ordet ressursproduktivitet. For å skape produksjon og vekst som er ressursproduktiv, må vi sikre at det blir lagt til rette for og av vi brukar ressursar som er fornybare og materialar som kan gjenvinnast.. Mellom ein sverm av formlar som boka brukar er denne den sentrale og lettast tilgjengelege: rp>g. Når gjenvinning av alle typar ressursar er større enn den bruken av ressursar som veksten medfører, har vi ressursproduktivitet. Dette er sjølvsagt ei sterk forenkling. I eit komplekst samfunn blir dette ei løysing som medfører svært mange nyansar og variablar. Faren for å ende opp med «grønnvasking» er også grundig belyst.
Boka presenterer ei rekke måleparameter, kompass og konkrete verktøy. Eit slikt anvendbart verktøy, er ein seks-trinns trappemodell med tiltak ei verksemd kan dra nytte av på ulike nivå og med ulik kompleksitet. Dette er eit konkret og oversiktleg utgangpunkt for å lage ressursproduktive strategiar for ei verksemd.
I tillegg til menneskelege og teknologiske perspektiv presenterer forfattaren klare tankar med eit samfunnsmessig fokus. Han gjer det svært tydeleg at ulikskap mellom folk har alvorlege følger både sosialt og for miljø- og klimasaka. Ulikskap svekker muligheitene for vekst og dermed blir den veksten som i følgje Stoknes er viktig for miljøet, skadelidande. På same vis som andre delar av boka er dette konkretisert med målparameter, som kan gjere det tydeleg om vi som samfunn er på rett kurs. M.a. er det forholdsvis enkelt å måle om dei 10% rikaste tener meir enn dei 40% fattigaste. Dette måltalet fortel noko om eit samfunn har ein sunn økonomi og går mot større likskap mellom borgarar eller motsett.
Forholdet mellom menneske i hushaldningar, næringsliv og politiske myndigheiter blir oppsummert i eit triangulært system. Samspelet i denne triaden, og synergieffekten i arbeidet fram mot eit felles mål er avgjerande i klimaarbeidet framover. Stoknes tar til orde for å ha fokus på rolla som myndigheiter må spele for å legge til rette og styre både forsking og næringsutvikling. Det appellerer med andre ord til eit sterkt samfunnsansvar for oss alle.
Forfattaren har ikkje ein naiv kvikk-fiks for utfordringane vi står overfor. Dette blir tydeleg når siste del av boka viser fire ulike scenario fram mot 2050. Det finnast løysingar, men det er ikkje enkelt i praksis. Innsats, kunnskap og vilje er nødvendig for å når målsettingane slik det er presentert i FN sine berekraftsmål.
«Grønn vekst» er tung fagbok, – ikkje tung å lese, men den har eit omfattande forskingsgrunnlag som base for dei teoriar og forslag til løysingar som forfattaren . Den er likevel lettlest og inspirerande. Det kan til tider vere tungt å henge med på matematiske formlar og teoriar om forfattaren sine framtidsscenario . Men, – vi blir på sympatisk vis, rådd til å hoppe over deler av boka som går djupt inn i delar av det teoretiske.
For folkehøgskulen kan dette nyttast som ei kokebok. Vi arbeider tett på unge menneske som er i ferd med å tre inn i vaksenlivet og etablere sine eigne mytiske fortellingar. Dei skal ta vidare ansvar for den kloden dei sjølv skal leve på og forvalte. Det triangulære systemet som forfattaren legg som ei ramme rundt løysinga av miljøproblema, er nettopp folkehøgskulen sine arbeidsfelt; kunnskap, demokratiske samfunn og personleg vekst.
Som ei konkretisering og oppfølging av det felles klimavedtaket for alle fem styra sentralt i folkehøgskulen, kjem Stoknes sin seks-trinns-modell som ein gåvepakke! Dei tiltak ein konkret set i gang i folkehøgskulen kan lett settast i system for den einskilde skule. Og det blir tydeleggjort at tiltak dreier som om mykje meir enn reiser.
Det er også eit økonomisk perspektiv på dette. Dei investeringar og omstillingar som skulane ev. må gjere er framtidsretta mot ei gruppe elevar som i dag gjennomgår danningsprosessar som vil sette krav til at skulane skal vere tydelege og har ein klar miljøprofil. Det er min spådom at dei som ikkje har mot til å vere tydelege i denne satsing blir taparane i kampen om elevane i framtida.
Det er mulig for folkehøgskulen å vere «I front for det grønne skiftet». Oppskrifta står i «Grønn Vekst».
Einar Opsvik, rektor Møre folkehøgskole