Song i folkehøgskulen, og ny songbok
Av Haldis Brubæk, rektor Romerike folkehøgskole
Den eldste Alvestad-songboka eg fann på biblioteket på Romerike Folkehøgskole var frå 1958. Den likna ikkje songboka vi nyttar i dag, sjølv om det i alle føreord i seinare utgåver står at songboka byggjer på Alvestads songbøker. Kva er likt, og kva er ulikt? Kva songar har overlevd frå Alvestads «Norsk songbok» fra 1958 og over til dagens «Norsk sangbok» frå 2012?
Songene er i begge bøker delt inn i emner. I 1958-utgåva er emna:
Morgon, Kveld, Jul, Nyår, Påske, Pinse, Kristendom og norskdom, Andre salmar og songar med religiøst innhald, Fedrelandet, Morsmålet, Flagget, Norsk reising, Heimen, Arbeidslivet, Sjøen og sjølivet, Soga,- Fridom og framgang, Skule og opplysning, Songen, Menneskelivet, Ungdom, Danmark, Finland, Færøyene, Island, Sverige, Norden, Leikviser. Det er kun nordiske songar, og flest norske.
I revidert utgåve fra 1970 har det kome med ti engelske og ni tyske songar.
Utgåva som kom i 1982 var eit tydeleg brot med tidlegare utgåver. I føreordet står følgjande:
« Det har dei siste åra kome sterke krav om ein grundig revisjon av Alvestad: «Norsk songbok». Vi i nemda er heilt ut samde i dette, og har hatt det som rettesnor i vårt arbeid….Samtidig har vi prøvd å ta vare på det mest verdifulle stoffet frå Alvestad.»
Boka endra navn frå «Norsk songbok» til «Songbok for folkehøgskolen». Innholdet har dreid frå emne som «Fedrelandssongar» og «Norsk reising» til «Viser» og «Negro Spirituals». Det er 42 engelske songar. I 1991 kom det ut ei blålilla bok med 100 fleire songar, men den var likevel ganske lik 1982-utgåva.
I 1998 kom ein ny revisjon, som representerte nok ei ny, stor endring. Reidar Skagestad, som då var rektor på Romerike Folkehøgskole, satt i songboknemnda. Tittelen vart endra attende til «Norsk sangbok», og kom ut i ei helt ny form og farge. Boka var oransje. Ho er ikkje delt inn i emne.. Mandatet til songboknemnda var:
«Nemnda skal presentere den folkelege songtradisjonen og tradisjonen med song i folkehøgskulen. Den nye songboka skal ha innslag av salmar, nasjonale og nordiske songar og songar frå ikkje-nordiske land. Nemnda skal finne fram til nyare songar og viser som speglar samtida på ein god måte.»
I føreordet står det at nemda har teke med ei rekkje populære songar frå ungdomskulturen i 1950 og 1960-åra, og at musikalstoff og julesongtradisjonen var vektlagt. Det står vidare at linja attende til Alvestad er markert, samstundes som nemda ikkje finn det problematisk å kalle ei bok som og har engelsk innhald, for norsk.
Boka vi nyttar i dag er frå 2012. Emna er
Barnesongar, Julesongar, Religiøse songar, Spirituals og afrikanske songar, Songar frå musikalar og filmar, Ballader, Pop og rock, Jazz og latin og Folkemusikk
Innholdet var i 1958 i mykje større grad enn i dag prega av norskdom, fedreland, folkesong og kristendom enn dagens utgåve. I dagens songbok er det 160 engelske songar, ein tysk, ein fransk og nokre afrikanske og latinamerikanske songar. Resten er nordiske. Det engelske språket har vorte meir og meir dominerande på bekostning av norsk og andre språk. Det er bra med eit felles globalt språk som engelsk, men morsmålet er helt grunnleggjande i Grundtvigs skuletankar. Inntrykket mitt er at fleire og fleire norske artistar vel å synge på norsk. Det er bra i eit samfunn kor engelsk språk dominerer på så mange område. Eg trur og at det er lettare å skrive poetiske, utrykksfulle og gode tekster på eige morsmål enn på engelsk, så det er å håpe at fleire og fleire låtskrivarar nyttar norsk språk.
Det er verdt å merke seg at emnet «Negro spirituals» frå bøkene på 80- og 90-talet har vorte til «Spirituals» i 2012-utgåva. Det har å gjere med ord ein ikkje nyttar lenger, sjølv om «Negro spirituals» seier noko om kvifor denne musikken oppsto nettopp hos svarte i slavetidas USA, som ei blanding av afrikansk og europeisk/amerikansk musikk, med kristent innhald. Innhaldet var ofte knytta til lengting etter fridom. Sjangeren har hatt stor påverknad på seinare populærmusikk.
På Romerike Folkehøgskole hadde vi for et par år sidan ei avstemming over kva for songar frå songboka vi ønska å ha som allsong minst ein gong i løpet av skuleåret. Dei ti som fekk flest stemmer var:
De nære ting, Så seile vi på Mjøsa, Vårherres klinkekuler, Hva solskinn er for det sorte muld, Mellom bakkar og berg, Å for ein strålande morgon, Lykkeliten, Kråkevisa, Jeg snører min sekk og Jeg råde vil alle i ungdommens dager.
Eg presenterte dette for årets kull. Dei byrja å le. Eg trur dei syntes det var vel traust. Dei vart etterpå utfordra i grupper for å foreslå kva for ti songar dette kullet ville ha i ei ny songbok. Resultaett (dei ti songene som fekk flest stemmer), var:
Fairytale (Alexander Rybak),Føkk lunsj (Karpe),Grace Kelly (Mika),-Har du fyr (Hekla stålstrenga), I want it that way (Backstreet Boys), Lite og stort (No. 4), Pianoman (Billy Joel), Riv i hjertet (Sondre Justad), Spis din syvende sans (Karpe), Vi er perfekt men verden er ikke det (Astrid S.)
Vi skal lytte til dei unge.. Men dei unge skal og lytte til godt vaksne. Og alle skal vi lytte til dei som levde før oss. Det ligg mykje folkeopplysning og allmenndanning i vår nasjonale- og nordiske songskatt.
Alvestads 1958-utgave hadde 622 songar. Den kvite 2012-utgåva har ca 700. 46 songar har klart å «overleve» frå 1858-utgåva og til den nyaste boka. Stikkord for desse songane er: fedrelandssongar, folkeviser, folketonar, salmar, songar og salmar av Grundtvig, julesongar, dei nordiske nasjonalsongane, nynorske songar og songar frå 1800-talet. Det blir interessant å sjå kva songar av desse som kjem med i songboka som kjem i 2021.
Her er dei songene som står i både den eldste og den nyaste songboka frå biblioteket på Romerike Folkehøgskule:
Tittel | Tekst | Melodi | Sjanger | Språk |
Alltid freidig når du går | C Richards 1867
|
C.E. Friedrich Weyse 1838 | Salme | Norsk. Bokmål. Oversatt |
Astrid, mi Astrid | Omdiktning etter Horats: Hans Hanson 1816 | Lindeman 1850 | Folkevise | nynorsk |
Blant alle lande i øst og vest | Ole Vig 1850 | Hans Mathisson-Hansen ca 1850 | Fedrelandssong | Norsk. Bokmål |
Blåmann | Aasmund O. Vinje
Før 1897 |
Anne Håvie 1870 | Norsk vise | nynorsk |
Dei gamle fjell i syningom | Ivar Aasen
1863 |
Norsk folketone | Norsk vise | Nynorsk |
Deilig er den himmel blå | N.F.S Grundtvig
1810 |
Melodi fra Danmark | Julesong | Dansk. Oversatt til bokmål |
Deilig er jorden | B. S. Ingemann 1850 | Breslau 1842 | Julesong | Bokmål. Oversatt fra |
Den fyrste song | Per Sivle 1877 | Lars Søraas | Norsk vise | Nynorsk |
Der er et yndigt land | Adam Oehlenschlâger 1823 | Hans Ernst Krøyer 1820 | Dansk nasjonalsong | Dansk |
Det hender seg ofte | Petter Dass
1703 |
Ole Olsen | Opprinnelig en
bryllupssong |
Norsk |
Det leikar so mangt (Trollvise) | Hulda Garborg | Islandsk folketone | Folkevise | Nynorsk |
Det var en lørdag aften | Trad 1800 | Dansk folketone | Folkevise | Dansk |
Du gamla, du fria | Richard Dybeck 1844 | Svensk folketone | Svensk nasjonalsong | Svensk |
Eg gjette Tulla | Trad | Norsk folketone | Folkevise | Nynorsk. Telemark |
Eg heiter Anne Knutsdotter | Claus Pavel Riis
1865 |
Norsk folketone | Folkevise | Nynorsk |
Eg heiter Håvard Hedde | Norsk folketone | Folkevise | Nynorsk, Setesdal | |
Eg veit ei lita jente | G.R Schirmer | Norsk folketone | Folkevise | Nynorsk |
Er lyset for de lærde blot | Grundtvig | Erling Lindgren 1984 | Folkehøgskole | Dansk |
Et jævnt og muntert, virksomt liv på jord | Grundtvig 1839 | Thomas Laub 1920 | Folkehøgskole | Dansk |
Fagert er landet | Anders Hovden | Melchior Vulpius | fedrelandssalme | Nynorsk. Oversatt? |
For Norge, kjæmpers fødeland | Johan Nordahl Brun | Andrê Gr’etry | fedrelandssong | Bokmål |
Gud sign vår konge god | Engelsk nasjonalhymne ca 1860 | N. Vogtmann 1879. Norsk: Gustav Jansen 1915 | Thesaurus Musicus Londan 1744 | Bokmål, oppr. engelsk |
Herre Gud ditt dyre navn og ære | Petter Dass 1698 | Norsk folketone fra Ørsta | Salme | Bokmål. |
Hu hei! Kor er det vel friskt og lett | Kristofer Janson | Norsk folketone | Vise | Nynorsk |
Hvad solskinn er for det sorte muld | Grundtvig
ca 1850 |
Thomas Laub | Folkehøgskole | Dansk |
Ingrid Sletten | Bjørnstjerne Bjørnson | Rikard Nordraak | Vise | Bokmål |
Ja alle saman me med lyt vera | Olaus Alvestad | Norsk folketone | Fedrelandssong | Nynorsk |
Ja lat oss strida og lat oss tru (Strid for fred) | Arne Garborg
Før 1894 |
Carl Gustav Sparre Olsen | Fedrelandssong? | Nynorsk |
Ja vi elsker dette landet | Bjørnstjerne Bjørnson | Rikard Nordraak | Norges nasjonalsong | Bokmål |
Jeg er havren | Jeppe Aakjær 1916 | Aksel Aagerby 1916 | Vise | Bokmål |
Kom mai du skjønne milde | Christian Adolf Overbeck før 1821 | Mozart | Vårsong | Bokmål |
Kristallen den fina | Svensk folketone | Svensk folkevise | Svensk | |
Mellom bakkar og berg | Ivar Aasen
1863 |
L.M Lindeman | Fedrelandssong | Nynorsk |
No livnar det i lundar | Elias Blix 1875 | LM Lindeman | Salme | Nynorsk |
No ser eg atter slike fjell og dalar | A.O Vinje 1860 | Edvard Grieg | Nasjonalromantikk | Nynorsk |
Norge, mitt Norge | T. Caspari
Før 1901 |
Alfred Paulsen | Fedrelandssong | Bokmål |
O, Gud vors lands | M. Jochumsson
1874 |
S. Sveinbjørnsson | Islands nasjonalsong | Islandsk |
Og vesle lerka | Per Sivle før 1896 | Lars Søraas | Norsk vise | Nynorsk |
Pål sine høner | Utgitt i bok 1863 | Norsk folketone fra Gudbrandsdalen | Norsk folkevise | Nynorsk |
Se Norges blomsterdal | Andreas Aabel
Ca 1850 |
Tysk folketone | Folkevise | Bokmål |
Småsporven gjeng i tunet | Arne Garborg
Før 1895 |
Catharinus Elling | Folkevise | Nynorsk |
Til lags åt alle kan ingen gjera | Ivar Aasen
Før 1863 |
Norsk folketone | Norsk vise | Nynorsk |
Vår Gud han er så fast en borg | Martin Luther
|
Martin Luther. Norsk tekst: Landstad | Salme | Bokmål |
Vårt land, vårt land | J. L. Runeberg 1846 | Fredrik Pacius 1843 | Finlands nasjonalsong | Svensk. Oversatt fra finsk? |
Å, eg veit meg eit land | Elias Blix
Før 1896 |
Anton Thomsen | Nasjonalromantikk | Nynorsk |
Å leva det er å elska | Anders Vassbotn 1893 | Per Stenberg 1923 | Salme | Nynorsk |