#COVID19 Green Road Sign Against An Ominous Cloudy Sky.

Korona-krisa og folkehøgskulen

Då den colombianske forfattaren Gabriel García Márquez (1927-2014) vann Nobelprisen i litteratur i 1982, vart fleire av hans bøker trekt fram som grunnlag for tildelinga. Ei av dei var «Beretningen om et varslet mord.»

Dette er ei bisarr historie om eit æresdrap i etterkant av ei lite jomfrueleg brud, som vart avslørt på bryllaupsnatta. Ho vart pressa til å gi frå seg eit namn, og brødrene til bruda fekk automatisk oppdraget med å gjenopprette familien si ære. Alle unntatt offeret, visste kva som skulle skje. Det tragiske er at ingen ønska at mordet skulle utførast, men ingen gjorde noko for å hindre det. Gamle inngrodde tankemønster og tradisjonar låste situasjonen fast i tragedien. Gabriel García Márquez hentar sine tragiske og fargerike historier frå små søramerikanske landsby­samfunn, og greier på meisterleg vis å bruke fortellingane til å vise oss universelle sanningar om menneskenaturen som vi alle kan trekke lærdom av.

Beredskap

I ordskiftet midt i Korona-krisa er det mange som fokuserer på at vi som samfunn var dårleg budde på ein omfattande krise­situasjon. Så lenge det ikkje er krise er det ei tung bør, ikkje minst økonomisk, å ta innover seg at krisa ein gong vil kome. Det stikk djupt i menneskenaturen at vi på førehand ikkje vil ta konsekvensane av denne erkjenninga. Det er betegnande for situasjonen når eitt av våre regionale helseføretak i sin beredskapsplan for pandemi og alvorleg smittsam sjukdom den 3. februar 2020 publiserer: «Større utbrudd av høyrisikosmittesykdom regnes i dag som mindre sannsynlig» Dette var tre dagar etter at WHO den 31. januar kunngjorde: “The new coronavirus has been declared a global emergency by the World Health Organization, as the outbreak continues to spread outside China.” (BBC news 31.02.2020.)

Beredskapen i Norge var for dårleg, den var for dårleg før 22. juli og den var for dårleg før korona-viruset starta sine herjingar. Det er lite klokt å utpeike syndebukkar, det var nok ikkje berre helse­føretaket som fornekta spådomen om framtida, dei fleste av oss var  truleg der. Dette kan aldri skje!.

Beretningen om ei varsla miljøkrise

Det er ikkje i korona-perspektivet Gabriel García Márquez si forteljing har sin styrke og visdom. Det er derimot i forhold til dei kriser som er tydelege, som alle veit om, og som vi veit vil kome. På same måten som ingen forhindra æresdrapet, gjer vi ikkje det vi kan for å møte krisa som vi tydeleg ser kome. Miljøkrisa skrik mot oss, og vi er full av kunnskapar om både diagnose og kur. Gabriel García Márquez viser oss tydeleg at dersom vi ikkje stiller spørsmålsteikn ved gamle måtar å tenke og handle på, vil tragedien ramme oss igjen og igjen.

Milton Friedman, den nyliberale misjonæren, seier følgande: «Only a crisis – actual or perceived – produces real change. When that crisis occurs, the actions that are taken depend on the ideas that are lying around.» Tankegangen om at dei idear som rår grunnen vil vere med på å styre tiltak i og etter ei krise, er ei generell sanning. Ei krise er ikkje berre eit problem, men opnar også for nye muligheiter og ny innsikt.

Frilynt folkehøgskule er nettopp fundert på idear. Desse er konkretiserte i prinsipprogrammet for FHF, og i den einskilde skule sitt verdigrunnlag og dette nyttast som ein styrke i arbeidet med å møte ei ny krise. Korona-krisa har gjort det svært tydeleg at situasjonen ikkje har ei individuell løysing, men derimot eit løysing basert på felles tiltak, tillit og lojalitet. Dette er verdiar som folkehøgskulen alltid har arbeidd for å halde i hevd. Og vi har i tillegg lært dei siste vekene at det faktisk er mulig å sette inn omfattande nasjonale og globale tiltak. Dette er dramatisk lærdom. Det har blitt tydeleg at Thatcher tok feil då ho 1987 hevda at; «And, you know, there’s no such thing as society.» Boris Johnson erfarte det stikk motsette då han berga livet med hjelp frå heltemodige helsearbeidarar som gjorte ein innsats langt forbi sine eigne individuelle interesser; «I owe them my life!». Kun felles tiltak  kan løyse Korona-krisa, og kun tiltak basert på fellesskapet og klare idear kan løyse klima-krisa.

Frilynt folkehøgskule har sjansen no, og ikkje i morgon, til å gjere noko med dette. Internasjonalt utval har tatt prisverdige initiativ for å konkretisere arbeidet. «Sannhetens øyeblikk» vil openberre seg når alle folkehøgskular skal lage sine årlege planar for reduksjon av utslepp og sette dette ut i praksis. Med fokus på klima­krisa vil det meir enn nokon gong krevje høg grad av medvit, klokskap og pedagogisk kompetanse hos lærarar, tilsette og leiing ved den enkelte skule.

Olav Klonteig poengterte teikna på krisa i si bok frå 1992, «Menneskelivet er underligt»: «Vårt samfunn har blitt fragmentert og har mangla eit heilskapssyn.» Eit einsidig fokus på økonomisk vekst har ført til overbelastning på energi og naturressursar og den heilskaplege idé- og verdibaserte politikken har hatt tronge kår. Med det idégrunnlaget og den fleksibilitet som folkehøgskulen har, kan vi bidra til å styre problema knytt til miljøkrisa i positiv retning med kunnskap og med konkrete tiltak. Vi kan samstundes nytte dette til å markere folkehøgskulen som ein uvurderlig dannings- og utdanningsarena i Norge.

Einar Opsvik, rektor Møre folkehøgskule