Stanghelle til Vonheimstemnet
GAUSDAL: – Vi har lagt opp til program både laurdag og søndag og vonar at mange vil ta turen, seier Sigmund Jacobsen, leiar i Vonheims Vener.
Helgeprogrammet startar med årsmøte i veneforeninga laurdag. Om kvelden blir det møte med Bjørn Angell Knudtzen frå Lillehammer. Angell Knudzen deltok som kjent i den populære TV-produksjonen Anno, og tek publikum attende til 1500-talet livet i erkebispegarden i Nidaros.
Programmet søndag formiddag startar tradisjonen tru med gudstenesten i Follebu kyrkje lagt til Vonheim. Etter kyrkekaffien opptrer Leikarringen i Ungdomslaget «Ottar Birting».
I år er det 150 år sidan presten, skulebyggaren og samfunnsreformatoren Christopher Bruun (1839 – 1920) starta den første folkehøgskolen i Gudbrandsdalen med oppstart på Romundgard i Nord-Sel. Skulen vart seinare flytta til Gausdal og flytta i 1875 inn i det nye skulebygget på Vonheim. Bruun var ein viktig samfunnsdebattant og var den første som bygde bru mellom kyrkja og arbeidarrørsla. Han var presten for familien til Henrik Ibsen den tida han var sokneprest i Johanneskirken i Oslo.
Klippet fra Gudbrandsdølen Dagningen