Utlysing av midlar frå Solidaritetsfondet
Fra Folkehøgskoleforbudnet:
Med dette lyses det ut NOK 120.000,- frå Solidaritetsfondet til Folkehøgskoleforbundet.
Vedtekter for Solidaritetsfondet til Folkehøgskoleforbundet:
1. Solidaritetsfondet til Folkehøgskoleforbundet er bygd opp av midlar frå eit ekstra påslag på medlemskontingenten med 0,05% etter eit landsmøtevedtak i 1999
2. Midlane frå fondet skal nyttast til å støtte internasjonale solidaritetstiltak.
3. Prosjekt der folkehøgskolar er, eller vil bli direkte engasjert, skal prioriterast. Ved vurderinga bør det også leggjast vekt på om prosjektet omfattar engasjement frå fleire skolar.
4. Styret i Folkehøgskoleforbundet er styre for fondet.
5. Søknad om midlar skal innehalde
– Presentasjon av prosjektet
– Opplysningar om korleis midlane er tenkte brukt
– Opplysning om kven som er ansvarleg for at midlane blir nytta etter føresetnadene
6. Styret kan gi utfyllande prioriteringar av midlar frå fondet.
7. Etter at midlane er nytta skal rapport og dokumentasjon om bruken, og med undertekning av rektor, sendast Folkehøgskoleforbundet innan mars påfølgande år. Ved manglande eller mangelfull rapportering kan midlane krevjast betalt tilbake til fondet.
8. Landsmøtet i Folkehøgskoleforbundet kan endre desse vedtektene.
Søknadsfrist: Kunngjørast i rundskriv frå Folkehøgskoleforbundet kvart år.
Søknad for solidaritetsmidlar 2017 sendes til Folkehøgskoleforbundet: fhf@folkehogskole.no innan 12. desember 2016. Kunngjering av tildeling vil skje medio februar2017.