Ufatteleg lågt kostøre – SUND

Det er derfor svært gledeleg at siste Fylkestinget i
Nord-Trøndelag vedtok at «Innkjøp av matvarer skal vere i samsvar med
målsettingane om 20 prosent økologisk mat i egen verksemd. Implementering av
dette leggjast til arbeidet med kantinenettverk for kantinene i
fylkeskommunen.»       

   Frå før har mange
sett til Overhalla for å lære korleis dei har oppnådd over 30 % økologisk og
har som mål å nå 50 prosent med det første. Mange beundrar den omtanke og
kunnskap som ligg bak rådmannens og kjøkkensjefen Marit Åssveds innsats for å
nå desse resultata. No kan det bli slik at heile Norge vender seg til
Nord-Trøndelag for å sjå korleis det er mogleg å gjere eit norsk politisk
vedtak om innkjøp av økologisk mat. Nord-Trøndelag
har også ein føregangsskole å vise til. Sund Folkehøgskole er i ferd med å passere
milepælen 50 prosent økologisk mat – og det med eit ufatteleg lågt kostøre.

Her har ein flinke folk i skoleleiing og på kjøkken. På Sund planlegg ein no
kurs for kjøkkenpersonale frå folkehøgskolar landet over. Vi veit også at
Nord-Trøndelag ligg i tet med mellom 8 og 9 prosent økologisk areal mens
gjennomsnittet for landet er ca. 5 prosent.

Klippet fra Trønder-Avisa, Jakob Bjerkem, Økobonde Steinkjer