Suksess ved Bømlo folkehøgskule
Slik det ser ut no, vil me ha minst like mange elevar når skulen startar til hausten, seier rektor Magne Grøneng Flokenes til Bømlo-nytt. Situasjonen for folkehøgskulen på Bømlo har endra seg veldig dei siste åra.
– 20. mars 2009 hadde me 96 søkjarar, medan me på same tidspunkt dei to siste åra har rundt 250 søkjarar til elevplassane. Det er ein auke i søknadsmassen på heile 160 prosent, seier ein svært nøgd rektor.
Legg til bildetekst |
Dei tre mest populære linjene ved folkehøgskulen kommande skuleår er Fred- og
solidaritet – Afrika, Friluftsliv Sør-Afrika og Down Under – som samla sett står for vel 65 prosent av alle søknadane.
Til Friluftsliv Sør-Afrika er det så stor interesse at linja har vore full sidan februar.
– Me startar opp med 24 elevar på linja, og då er det behov for ein lærar nummer to. Me ser at mange vil bli lærar hos oss. Det er veldig gledeleg at det er kome inn heile 16 søknader til denne stillinga då fristen gjekk ut 20. mars, fortel rektoren.
Bømlo folkehøgskule er ikkje åleine om å oppleva vekst.
Dei siste åra har det blitt meir populært for norske ungdommar å gå på folkehøgskule. For komande skuleår er også auken stor. Over åtte prosent fleire har no takka ja til ein plass på folkehøgskule, samanlikna med same tidspunkt i fjor.
folkehøgskular opplevd vekst i søkjartalet, opplyser Informasjonskontoret for kristen folkehøgskule. Då kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i fjor haust gjekk inn for å kutta i støtta til folkehøgskulane, fekk dette skuleslaget massiv støtte. Folkehøgskulane sjølv trur at dette har påverka søkjarmassen positivt i år.- Ser lyst på framtida Veksten hos folkehøgskulane
er parallell med veksten hos vår lokale folkehøgskule. – Etter fire år med eit elevtal på 80-94 elevar, ser Bømlo Folkehøgskule lyst på framtida.
Det er lettare å driva ein god folkehøgskule med fleire elevar, og ikkje minst er det svært hyggeleg med overskot i rekneskapen dei siste åra, meiner rektor Grøneng Flokenes.
Han synest at er svært hyggeleg at så mange unge menneske finn vegen til Bømlo kvar haust, og ser på det som viktig for heile lokalsamfunnet å oppretthalde skulen som ein stabil og god arbeidsplass.
– På same tid gir det også svært positive ringverknader, ikkje berre reint økonomisk for ulike bedrifter på Bømlo – men også i form av auka engasjement og at Bømlo blir kjent i heile Noreg, er synet hans.
Framover er utfordringa for den over 30 år gamle folkehøgskulen på Våge å få til ei naudsynt oppgradering av bygningane. Rektoren har på si ynskjeliste til folkehøgskulen både nytt ventilasjonsanlegg og opprusting av internata.