Jag etter vind
Jakta på sterke opplevingar er som med headhunting til troféveggen for den som skyt med gevær. Alt må bli større, alt må kjennast sterkare.
Av Kjellaug Hatlen Lunde
Horna treng fleire taggar for å imponera. Eller for å tilfredsstilla stadig djupare behov for å bli rysta i eiga sjel. Etter år i vandring på leiting etter retning; kva skal til for å stilla svolt?
Kanskje er det noko med mottakarapparatet som treng justering, like gjerne som talet på nye kick og boosts – enten det handlar om kunst som rører, reiser til ukjente stader, det fascinerande eksotiske – eller rett og slett: å ha evna til å ta inn Det Vakre.
Tidsjaget, tidsånda
Handlar det ikkje like mykje om det å gå med varsemd, med årvakne sansar. Snu blikket: vara sjølv det dådyret som ikkje skulle hengja med tomt blikk av glas, på eit treskjold montert på store vegg.
Dei spissa øyrene, som mista evna til å skifta vinkel for å lytta. Luktesansen som ein gong var peileredskap for næring, men også det å kunna skilja fiende frå venn. Smakssansen på tunga, som stivna som sement i lukka.
Kanskje er det dette:
Å trø varsomt, trø i mose, trø mjukt og forsiktig med sansane i behold. Ha nok tid til å ta inn, til å kjenna etter. Tid for blikk, for Den Andre. Og oppøvd evne til å forstå, eller i det minste prøva å forstå. Kunna sila inntrykk, som sanden som filter for rennande vatn. Venta, tåla, sjå. Bli møtt.
Blir du sjølv troféet, er heile livet tapt.
– Dette diktet heng på spegelen til éin god venn:
– Hold sinnet ditt mjukt,
sier en stemme i vinden
– La det ikke stivne av år og alder.
Smør det med dagens soltalg,
dynk det med dogg fra en blomsterkalk,
garv det i motgangs bitre saltlake.
Hold sinnet ditt várt og villig
som greina i brisen:
en hvileplass for fuglen
med vingen blå av himmelduft.